MENY

Lesing som grunnleggjande ferdigheit

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. Denne filmen fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing.

Læraren spelar ei viktig rolle som leserettleiar i alle fag. Filmen viser praktisk arbeid med lesing og tekst i RLE-faget på 4. trinn, samfunnsfag, naturfag og matematikk på 10. trinn, og samfunnsfag på 2. trinn i vidaregåande,studiespesialisert retning.

Spørsmål til diskusjon

  1. Denne filmen viser nokre utvalde undervisningsmåtar i utvalde fag. Kva for andre undervisningsmåtar kjenner du til som kan skapa engasjement, utvikla språk, hjelpa avkoding og forståing og bidra til at lesinga blir brukt til noko i akkurat det faget du underviser i?
  2. Korleis kan ein gjera lesinga meir meiningsfull og setja lesinga inn i meiningsfulle samanhengar?
  3. Det er viktig å reflektera over og snakka om lest tekst. Korleis kan ein leggja undervisninga slik til rette at den opnar for elevane sine refleksjonar kring tekst i akkurat ditt fag?
UiS logo