MENY

Lesing og skriving i samfunnsfag

Filmen ”Lesing og skriving i samfunnsfag på 10. trinn” syner eit metodisk undervisningsopplegg der elevane skal skrive ein artikkel om bærekraftig utvikling. Opplegget syner korleis ein kan arbeide grundig og systematisk med lese- og skriveopplæringa heile vegen frå før elevane startar å skrive til det ferdige produktet er klart.

Før skrivinga kjem i gang handlar det om å lese systematisk for å tileigne seg kunnskapar, om å notere effektivt medan ein les, arbeide med omgrep og om å arbeide med modelltekstar. Sentralt i oppbygginga av elvane sine eigne tekstar står bruk av avsnittsskjema og tema- og kommentarsetningar. Læraren syner korleis ein kan gi elevane hjelp og støtte undervegs i heile skriveprosessen og korleis vurderingskriteria, som er kjent for elevane på førehand, dannar grunnlag for vurdering på ferdig produkt både i norsk og samfunnsfag.


Trekoloneskjema

Temasetning Stikkord Ordbank


Avsnittskjema

             Tema for oppgaven             



Spørsmål til refleksjon

  1. Kva kan skuleleiinga gjere for å fremje samarbeid om skriveopplæringa på tvers av fag?
  2. Korleis kan norsklærar og faglærar samarbeide om skriveopplæringa på din skule?
  3. Kva må til for at same tekst skal kunne nyttast som grunnlag for vurdering både i norsk og eit anna fag? 
UiS logo