MENY

Historia om korleis lydane fekk bokstavar

Av og til kan ein undre seg over at dei 29 bokstavane i alfabetet formidlar språk og kan fortelje så mykje. Bokstavane er jo berre visuelle symbol - forma av rette, skrå og runde streker - og liknar ikkje på noko vi kjenner frå før. Heftet finns på både bokmål og nynorsk.

Likevel lærer vi å kjenne att bokstavmønstra som ord slik vi kjenner att ord i tale. Vi lærer å kommunisere med skriftspråket ved å lære oss å lese. Dermed lærer vi oss å bruke ein reiskap for skriftspråkleg kommunikasjon.

Men korleis kan det ha seg at vi oppfattar bokstavane som ord? Vi brukar då gjeme omgrepet å 'knekke den alfabetiske koden'. Det betyr at vi må forstå og lære at bokstavane representerer språklydar i ord i talespråket. Det vil seie at vi må få eit forhold til fonologiske system og språklydar for å skjøne vitsen med bokstavlæringa. Vi må også lære kva bokstavar det er som representerer dei ulike språklydane. Både forsking og erfaring har vist at dette er grunnleggjande læring som har svært mykje å seie for ei positiv leseutvikling.

I Kolbjørn Hauges historier er det bokstavkongen og hjelparane hans tvillingane Vår og Viggo - som lagar bokstavar til språklydane; i dette tilfelle dei små, trykte bokstavtypane. Det er positivt, av di det er desse bokstavtypane som blir nytta mest bade i skolebøker, skjønnlitteratur, aviser, tidsskrift, vekeblad osv. Det er derfor denne skrifttypen barna først og fremst må lære seg for å komme aktivt i gang med lesing så tidleg og så ofte som råd er. Og er det noko mange leseforskarar er samde om, så er det at det å lese er viktig for å bli ein god lesar. Men ingen kan vente at barn skal bli glade og gode lesarar før dei har lært å lese.

Bokstavlæringa er sjølve grunnlaget for å lære å lese. Nokre barn lærer først å kjenne att visse ord som logoar (logografisk lesing), men det er ikkje verkeleg lesing. Verkeleg lesing er først når ein også kan lese nye og ukjende ord. Dei fleste orda er samansette av meir enn ein språklyd. Derfor har også dei fleste orda i skrift meir enn ein bokstav, og alle bokstavane i kvart enkelt ord er med og bestemmer kva for eit ord bokstavane star for.


Pris:
Rapporten er på 83 sider og koster kr. 150.
ISBN: 82-7649-024-7 (Nynorsk)
ISBN: 82-7649-025-5 (Bokmål)

Bestilling:

Bestill heftet fra nettbutikken (nynorsk)

Bokmålsversjonen er utsolgt

 

Heftet - Historia om korleis lydane fekk bokstavar

Historia om korleis lydane fekk bokstavar