MENY

Overgangar handlar om kulturmøte

Fjell kommune tilpassa overgangspakken i Språkløyper til overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Det ga gode kulturmøte, men óg viktig innsikt i kva dei må jobbe vidare med.

Gutt med sekk på ryggen Den første og kanskje mest tydelege overgangen er den frå barnehage til skule. Men kva med dei andre overgangane?

Det overordna målet for Språkkommunen Fjell er: Språkarbeid i barnehage og skule skal vere eit universelt tiltak for å gi alle barn god språkkompetanse for å sikre likeverd, redusere skilnader og auke livsmeistring. Vi vil at ungdommane i Fjell skal fullføre vidaregåande skule og bli gode bidragsytarar i samfunnet.

Då vi blei Språkkommune i 2018, vart overgang eitt av våre tre satsingsområder for å nå dette målet, i tillegg til tidleg innsats og inkludering.

Kulturmøte

Ein kan lage mange strategiar og planar – i beste meining – men nokre prosessar kan rett og slett ikkje blir vellukka om ikkje dei menneska som skal jobbe i det, møtast.

Kulturmøte er eit bra omgrep. Vi finn det i modellen som Språkløyper illustrerer pakken Overgang frå barnehage til skole med.

I 2018 gjennomførte barnehagelærarar, lærarar, styrarar og rektorarar i Fjell heile overgangspakken for barnehage og skule. I det arbeidet såg vi at slike kulturmøter var viktige, ja, kanskje avgjerande, for kvaliteten i det vi ville gjennomføre. Det er ikkje nok om vi berre har årshjul som viser kor tid informasjon skal overleverast og kva dag det er førskuledag. Å møtast rundt same bord i drøfting og refleksjon omkring pedagogikk og metodikk knytt til språkarbeidet, det dannar det viktige kulturmøtet.

Fleire overgangar

Den første og kanskje mest tydelege overgangen er den frå barnehage til skule. Men kva med dei andre overgangane - frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling, frå 4. trinn til 5. trinn, frå barneskule til ungdomsskule, frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring?

Vi ville gjerne ta tak eitt overgangsområde til. Å ta alle vart for mykje, så vi valte overgangen barneskule til ungdomsskule i tillegg til overgang barnehage til skule.

I Språkløyper finnes det ikkje nokon ferdig pakke å bruke for denne overgangen. Difor sydde vi saman vår eigen, med element både frå overgangspakken barnehage-skule og element frå andre delar av Språkløyper.

La opp til kulturmøte med drøfting og diskusjonar

Lærarar frå 5. til 10. trinn og leiing frå begge skuleslaga vart inviterte. Vi har tidlegare forsøkt å kople saman lærarar frå 5. til 10.trinn, då i eit lesenettverk. Den gongen strevde vi med å få deltakarane til å kjøpe ideen om at det som går føre seg på mellomtrinnet har noko å seie for ungdomstrinnet og vice versa. Sidan vi var var spente på om denne haldninga framleis var gjeldande, vart det viktig for oss å vektlegge kulturmøte mellom dei to skuleslaga. Å sitje rundt same bord, drøfte, reflektere, vere samde eller usamde var viktig i seg sjølv.

Nettverka våre var ramma inn av noko fagleg input, noko refleksjon og noko erfaringsdeling, slik lærande nettverk seier. På den første samlinga brukte vi refleksjonsspørsmål rundt det å møtast som vi fann i overgangspakken for barnehage til skule. Vi gjorde berre litt om på formuleringa: «Kva kunnskap om språk, lesing, skriving og språkutvikling er det viktig at lærarane på mellomtrinn og ungdomstrinn har, for å skape kontinuitet og samanheng for elevane i overgangen frå barneskule til ungdomskule?»

Tilbakemeldinga på dette var mellom anna at nettverksmøter mellom lærarar på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet var viktig for å sikre denne samanhengen og kontinuiteten. Ein tettare dialog mellom ungdomstrinn og mellomtrinn med forventningsavklaring og informasjon om metodikk, gjer at elevane tydlegare ser samanhengen. Så svara dei kanskje ikkje heilt på spørsmålet, men nyttige tilbakemelding vart det likevel.


Vi fikk positiv tilbakemelding på at vi stilte meir overordna spørsmål om samarbeidet mellom barneskule og ungdomsskule, skriv bloggforfattaren.

Vart positivt mottatt

I vår kommune hadde samarbeid mellom barneskule og ungdomsskule tradisjonelt handla om å overlevere informasjon om elevane på individnivå. No stilte vi altså meir overordna spørsmål om samarbeidet mellom barneskule og ungdomsskule, noko vi fikk positiv tilbakemelding på. Ein av deltakarane meldte tilbake at det var nyttig å reflektere rundt ulike tema med kollegaer frå andre skular og på tvers av trinn.

På dei tre neste nettverka henta vi innhaldet frå Språkløypepakker frå både barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande opplæring. Overskriftene på desse nettverka var Ord og omgrep, Den andre leseopplæringa og Fokus på god skriveopplæring.

Gode resultat og nokre utfordringar

Så korleis gjekk dette eigentleg? Vi kom nok eit stykke på vegen mot å auke forståinga av at mellomtrinnet har noko å lære av ungdomstrinnet, og at ungdomstrinnet kan betre sitt tilbod til elevane i 8. klassen om dei faktisk veit meir om kva som blir vektlagt på mellomtrinnet.

Vi er nøgde med at det å drøfte, reflektere og diskutere ulike faglege moment innan språk, lesing og skriving vart vegen inn til eit kulturmøte mellom mellomtrinn og ungdomstrinn.

Ute i felten er skuledagen travel. Vi som inviterte og arrangerte desse nettverka brenn for akkurat det som handlar om overgangar og kulturmøte mellom skuleslaga. Men det kan verke som om vår entusiasme ikkje heilt fekk rotfeste hos dei som faktisk jobbar midt i problemstillingane. Nye ballar blir stadig kasta til lærarar og leiing. Å ta seg tid til drøftingar på eit meir overordna nivå, blir ikkje alltid prioritert.

Ei utfordring var at vi ikkje klarte å få kontinuitet i kven som møtte. Det kom ulike folk til kvart nettverk, og berre ei lita kjerne gjekk igjen på alle nettverka.

I ettertid sendte vi ut ein spørjeundersøking. I undersøkinga spurte vi korleis lærarar og leiing vurderte seg i forhold til dei resultatmåla som vi hadde i strategien. Låg svarprosent gjer det vanskeleg å trekke absolutte slutningar, og 90% av dei som svarte på denne undersøkinga kom frå mellomtrinnet. Vi må spørje oss om årsaka til den låge svarprosenten frå ungdomstrinnet er at dei ikkje vurderer dette temaet som viktig nok?

Vi gler oss over at alle lærarane som svarte meldte at skulen hadde tatt i bruk Språkløyper, men vi undrar oss over at over 30% av dei som svarte ikkje veit om lærarane jobbar systematisk med elevane si evne til å tolke og reflektere tekstar dei les. Nesten 80% av dei som svarte, svarar at dei ikkje veit, eller svarar nei på at lærarane på mellomtrinnet og ungdomstrinnet utviklar felles kunnskap om den nye læreplanen og nye kompetansemål. Vi ser her at vi har en veg å gå.

Gje oss fleire overgangspakker!

Ein annen viktig overgang som ein truleg tar for gitt, er den mellom 4. og 5. trinn. Det er nok lett å tenke at sidan dette er i same skuleslag, så vil overgangen gå fint. Det er ikkje nødvendigvis slik. I Fjell, som i resten av landet, så ser vi ein auke i talet på barn som strevar med reguleringsvanskar. I ei intern, enkel kartlegging på barneskulane i kommunen finn vi 30% av desse barna på 5.trinn.

Kvifor er det slik? Eg trur vi må leite på fleire områder, men eg er ganske sikker på at to faktorar spelar inn. Den eine handlar om vanskar knytt til språk, og den andre handlar om at arbeidet rundt overgangen mellom dei to trinna ikkje er god nok. Eit tettare samarbeid med fokus på språkarbeid, kartlegging og ikkje minst kulturmøte vil vere bra for denne overgangen og.

Om eg skulle kaste ein ball til Lesesenteret og Skrivesenteret, så måtte det vere å lage Språkløypepakkar som tar for seg også dei andre overgangane, kanskje spesielt barneskule til ungdomsskule og 4. til 5. trinn.

Les også:

Språkløyperpakken Overgang fra barnehage til skole Undersøkelser viser at ansatte i barnehage og skole har lite kunnskap om hverandre og at kommunikasjonen ofte er mangelfull og tilfeldig (Rambøl, 2010; Broström, 2009). Gjennom møtepunkter og erfarings- og informasjonsutveksling skapes en bedre sammenheng og kontinuitet i overgangen fra barnehage til skole.