MENY

Levande kulturarv

Valgfaget levande kulturarv omfattar mange uttrykk, arbeidsmetodar, tema og fokus knytte til kunst, kultur og tradisjonar. I valfaget er det rom for tilpassing til lokal kultur og kompetanse, medrekna samisk og ulike fleirkulturelle perspektiv.

 

Elevane sin bakgrunn, individuelle interesser og ferdigheiter vil vere eit naturleg utgangspunkt for innhaldet i faget. Opplæringa i valfaget gir mange moglegheiter for samarbeid med lokalmiljøet, og kan byggje på dei ressursane som finst ved skolen og i nærmiljøet, og på lokale ressursar, tradisjonar og historie. Valfaget har to hovudområder; utforsking og formidling.