MENY

Musikkundervisning – utan lyd

Korleis kan ein undervise i musikk utan lyd? 10. klasse på Kannik skole i Stavanger gir deg svaret.

Musikk står på timeplanen for ein 10.klasse på Kannik skole i Stavanger. Det som møter ein når ein opnar døra til klasserommet er stillheit. Det er nesten ikkje lyd i klasserommet. Elevane sit alle med kvar sin iPad, med tilhøyrande øyreklokker, stort sett i djup konsentrasjon. Dei lyttar og trykkjer. Oppgåva dei er i gong med er å komponere og spela inn musikk ved hjelp av appen GarageBand. Notane som skal kodast om til musikk, er låta ”Rolling in the deep” av Adele.

Elevane sit saman i grupper på fire rundt eit bord. Nokre gonger spør dei kvarandre roleg om hjelp, og lyttar i øyreklokkene til den som sit ved sida av. Læraren går frå bord til bord, forklarer og svarar på spørsmål: «Kan du hjelpe meg med takt 75?» spør ein elev. «Eg treng litt hjelp med akkordane», seier ein annan. Ein tredje vil ha stadfesting på at han har forstått, og vil at læraren skal lytte til det han har komponert: «Høyrest dette greitt ut?».

Fagspråket i musikk trer tydeleg fram både når læraren forklarer, når elevane jobbar individuelt på iPaden og når dei samtalar seg i mellom. Det same gjer viktige prinsipp for god undervisning som praktisk, relevant og motiverande. Elevene les notar, besifring og anna musikalsk notasjon på same måte som musikarar gjer. Med kvar sin iPad er alle aktive. Dei gjev utrykk for at dei liker arbeidsmåten, men at det også er eit utfordrande nøyaktigheitsarbeid.

denne bloggen skriv musikklæraren meir om undervisninga si. 

 

Musikkundervisning på Ipad