MENY

Samtalar om ein skjønnlitterær tekst på 10. trinn - Veien til verdens ende

Elevane på 10. trinn les eit utdrag frå Veien til verdens ende av Sigurd Hoel. Dette er ein tekst som kan få elevane til å stille viktige spørsmål både om den verda vi lever i og det ansvaret vi har som medmenneske.

Tekstutdraget handlar om ein gutegjeng som piner ein geitekilling til han druknar. Kvifor dei gjer det, og kven som har skulda, er spørsmål som veks fram av teksten.

Timen starta ved at elevane samtalte to og to om temaet gruppepress. Hensikta med førlesingsaktivitet er å førebu elevane på tematikken i teksten dei skal lese. 

Deretter valte læraren å lese teksten høgt for elevgruppa som sat samla rundt eit langbord. Dette innebar og ei tolking av teksten. Fordelen med høgtlesing er at alle elevane får del i same tekstoppleving uavhengig av kva tekniske leseferdigheiter dei måtte ha. Læraren la inn lesepausar undervegs i lesinga der det var tydelege vendepunkt i teksten.

Elevane blei bedne om å skrive ned tankar og kjensler som teksten hadde sett i gong hos dei i ein leselogg. Med utgangspunkt i loggane ba læraren dei 20 elevane lage tre spørsmål kvar til teksten som dei kunne tenkje seg å diskutere med andre. Så blei elevane sett i fire grupper på fem, og måtte bli einige om kun eitt spørsmål som dei i gruppa syntes kunne vere spesielt interessant å diskutere. Dei fire gruppene lyfta deretter eit spørsmål kvar opp til å vere diskusjonstema. Læraren trur samtale kring tekstar gjer litteraturopplevinga større. 

 

Hele artikkelen kan du lese her: Litterær samtale på 10. trinn - Veien til verdens ende 
Artikkelen er skrevet av: Toril Frafjord Hoem