MENY

Lese novelle "Kven sin kropp er dette"

Opplegget rundt novella "Kven sin kropp er dette" av Rønnaug Kleiva tar i bruk førlesing, strukturerer samtale om temaet, inneheld skjema for sjangertrekk, og skisserer skriveoppgåver som særskilt er meint å trene språkleg variasjon i skildring av kjensler.

Gjennomføring av undervisningsopplegget
Eg valde denne novella fordi eg har opplevd at teksten har gjort inntrykk på elevar eg har hatt tidlegare, og at dei har opplevd temaet som interessant. Novella med opplegg har fenga også ei gruppe med berre gutar. Eg organiserte læringa inn i fem ulike faser:

  1. Før lesing
  2. Finn svar i teksten
  3. Les mellom linjene
  4. Tenk sjølv
  5. Refleksjon

Til slutt følgjer ei førebudd skriveøkt.

Novella finst i læreboka "Frå Saga til CD", men det er bra om elevane kan få kvar sin kopi til å leite og markere i. Elevane arbeidde direkte i dokumentet som var gjort tilgjengeleg for dei på It`s learning. (Pdf.fila som inneheld opplegget kan gjerast om til Word-format med siste versjon av Adobe Acrobat. Red. anm.)


Last ned undervisningsopplegg (pdf) Lærarforklaring følgjer under:
 

  1. Vi starta med det første arket og hadde samtale om kva dei tenkte og kom fram til. Dei kom raskt på sporet.
  2. Eg las høgt, slik at alle kunne få moglegheit til å konsentrere seg om innhaldet (og kanskje få ei god leseoppleving?).
  3. Elevane fekk utdelt teksten, slik at dei kunne leite sjølv i teksten når dei arbeidde med Finn svar i teksten oppgåvene. Fungerte fint.
  4. Mens dei arbeidde individuelt med finn svar i teksten-oppgåver og kva inntrykk teksten gjorde på dei, samtala vi om spørsmåla og kva tankar dei fekk. God samtale!
  5. Eg måtte også støtte dei under individuelt arbeid med les mellom linjene. Eg måtte forklare kva frampeik er, men det fungerte godt når vi snakka om omgrep knytt til novelle.
  6. Tenk sjølv; også her vart det samtale i plenum, men absolutt fine samtaler.
  7. Sjangerkunnskap: Her får elevane hjelp til kva som er sjangerkjenneteikna, men må jobbe sjølv med å grunngje kvifor det passar inn. (Kanskje dei då vil hugse eit eller to kjenneteikn til ein eventuell munnleg eksamen.)
  8. Refleksjon og ettertanke: samtale i plenum.
  9. Skriveøkt: Eg ønskjer at dei skal trene på tankereferat, slik at dei får øve på ulike måtar å skape variasjon i tekst på. Tabellen kan hjelpe dei til å bli meir bevisst på å bruke sansane når dei skal formidle kjensler og skape språklege bilete.
  10. Det vart fleire flotte tankereferat som vi las høgt og dei var imponert over kvarandre.

Lykke til!


Laget av Mariann Øvretveit, Sund ungdomsskole


Mål fra Kunnskapsløftet (brotne ned til dei som gjeld akkurat dette opplegget):

1. Munnleg:

  • Delta i utforskende samtaler om litteratur...


2. Skriftleg:

  • Lese og skrive tekster i ulike sjangere, både skjønnlitterære og sakspregede på bokmål og nynorsk...
  • Bruke lesestrategier variert og fleksibelt i lesing av skjønnlitteratur...
  • Formidle muntlig og skriftlig egne leseerfaringer og leseopplevelser basert på tolkning og refleksjon
  • Gjenkjenne de språklige virkemidlene [...] språklige bilder og bruke dem i egne tekster
  • Uttrykke seg presist og med et variert og nyansert ordforråd i ulike typer tekster på bokmål og nynorsk