MENY

Skrivestafett fortelling (lavterskel)

Opplegget skal inspirere til å skrive fortelling sammen i gruppe. Passer for elever som sliter og tospråklige elever.

Bli kvitt skrivesperra! 

  • Aktivitet: Skrivestafett – Å laga ei forteljing i lag
  • Tidsramme: Kan gjennomførast på omlag 30 minutt – men det tok 45 minutt i denne gruppa, då me trong ein god del tid til motivering og forklaring av aktiviteten.
  • Mål: Å senka terskelen for å få ei forteljing ned på papiret, ved at kvar elev ikkje treng å skriva meir enn nokre få linjer. Kan også passa for elevar som treng opplæring i norsk (minoritets-/tospråklege elevar).
  • Du treng: Skrivesaker og ein bunke ark, gjerne i fargar.

For å kunna starta forteljinga trong me ein hovudperson. I vårt tilfelle fann elevane ut at dette skulle vera ein gut på 18 år frå Oslo, og han heite Pål Jørgen. Dei snakka litt meir om kva for type dette var, og vart einige om at han var kul på utsida, men ganske usikker inni seg. Ein av elevane laga fylgjande startsetning:

«Pål Jørgen våknet en morgen og så ikke annet enn regn

Alle elevane skreiv vidare i to minutt med dette utgangspunktet. Deretter tok me ein runde der alle las opp det dei hadde skrive. Deretter valte me to av forteljingane som me ville fortsetta på i skrivestafetten. Ein skrivestafett er ganske enkelt ein aktivitet der skriv vidare på det den før deg har skrive, men ein har ikkje høve til å sjå kva den før der igjen har skrive (den nestsiste skrivaren).

Elevane sat i ein ring og to elevar fortsette å skriva på kvar si forteljingsbyrjing. Når læraren gav signal sendte dei teksten vidare. Den som då fekk teksten fekk altså berre sjå den siste setninga som var skriven, og dette løyste me ved å bretta arket. Den neste eleven skreiv deretter vidare til læraren sa stopp, og slik forsette det til begge tekstane hadde gått heile runden.

Sistemann som skreiv, fekk beskjed om å skriva ei avslutting. Deretter las me opp fortellingane, som trass i likt utgangspunkt var blitt veldig forskjellige. Morosame var dei også.


Last ned undervisningsopplegg (pdf).


Delt av Inga Margrethe Fagerbakke, Bergen