MENY

Sakprega lesing og skriving på mellomtrinnet

17. desember 2013 forsvara Anne Håland si doktorgrad. Ho har forska på korleis elevar nyttar modelltekstar i eigne arbeid.

I si doktorgrad ”Bruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet” ser Anne Håland på korleis elevar brukar skrivemønster frå modelltekstar i eigne tekstar. Modelltekstar er ei undervisnings- form kor utvalde tekstar blir gjennomgått og snakka om i klassen før elevane sjølve får i oppgåve å lage ein tekst.

I løpet av eit skuleår har 44 elevar på 5.trinn arbeida med modelltekstar. Tekstane dei har brukt har vore fagbøker, autentiske arbeidslivs- tekstar og lab-rapportar. Læraren har saman med elevane studert tekstane og funne fram til språklege trekk og mønster som er karakteristiske for dei ulike tekstane. Håland har så undersøkt i kva grad desse trekk er å finne att i elevane sine tekstar.

Studien viser at elevene bruker mange av de mønstra som modelltekstane gir. I tillegg er lærarens undervisning av betyding for korleis elevane brukar skrivemønster. 

Les meir om doktorgrada

Prosjektet er i utgangspunktet i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet (§ 1.4), og blir også rapportert i kap. 10.2. Data frå prosjektet blir imidlertid også brukt til forsking (finansiert av frikjøpsmidlar).

Fagleg ansvarleg: Anne Håland
Fagleg rettleiar: Vibeke Hetmar
Biveileder: Per Henning Uppstad

Anne Håland