MENY

Digital Literacy Practices in Education. An Investigation of the Use of Blogs in a Norwegian High School.

Arne Olav Nygard har undersøkt den pedagogiske nytten av å bruka digitale sjangrar i undervisingsituasjonar.

Avhandlinga undersøker korleis elevar i ein klasse og læraren deira brukar bloggar som eit literacy-verktøy i alle aktivitetane i eit fag i løpet av eit skuleår. Avhandlinga består av tre artiklar som kvar undersøkjer ulike aspekt av klasseblogginga, frå observasjonar av klasseromsaktivitetane og elevanes eigne tankar og erfaringar med bloggane til diskursive og språklege trekk ved bloggtekstane.

Hovedfunna i avhandlinga er at betingelsane for deltaking endrar seg gjennom bruken av blogg i denne klassen, og det er indikasjonar på at elevane sin autoritet og myndigheit styrkjer seg både på eit diskursivt og eit språkleg nivå. I tillegg viser avhandlinga at skulen og læraren, trass i myter om elevane som særleg digitalt kompetente, har mykje å bidra med i den digitale danninga av elevane.

Prosjektansvarlig: Arne Olav Nygard
Hovedveileder: Atle Skaftun
Biveileder: Per Henning Uppstad

Arne Olav Nygard

Arne Olav Nygard