MENY

– Det er når ein prøver nye ting at ein lærer mest.

FORSKARPRATEN: Margunn Mossige hadde tenkt å ha ei fagleg oppdateringstid i fred etter åtte år som travel leiar for skuleutvikling ved Lesesenteret. Men så veldig roleg har det ikkje blitt.

Margunn Mossige Margunn Mossige har flytta inn på nytt kontor og tatt fatt på nye oppgåver, etter åtte år som områdeleiar for nasjonale oppdrag.

– I haust har du bytta kontor og byrja i vitskapelig stilling etter å ha jobba med skuleutvikling i mange år. Du ser mellom anna tilbake på fleire år som prosjektleiar for Språkløyper. Korleis har det vore?

– Ekstremt lærerikt og kjekt! Det har vore ein veldig viktig jobb, synest eg. Språkløyper er eit stort og omfangsrikt prosjekt, det var mykje eg ikkje hadde gjort tidlegare, og alt skjedde veldig fort. Så det var berre å kaste seg utpå, og få ting gjort. Prøve seg på nye ting. Det er då ein lærer mest.

– Ja, for no er jobben din førstelektor. Korleis er livet i ei vitskapeleg stilling?

– Det er veldig deileg å ha tid til å fordjupa seg. Det er vel det som er den største forandringa. Eller, eigentleg skulle eg ha eit halvt års fagleg oppdateringstid i fred, men det har blitt flytta litt fram i tid. Eg har oppgåver i lærarutdanninga, i emnet lese- og skrivevanskar med ti studiepoeng og 50 studentar. I går var eg ute på ein skule hos nokon studentar, og no sit eg og planlegg eit nytt praksismøte. Eg liker veldig godt å undervise. For det første er det jo kjempeviktig å utdanne nye, gode lærarar, og dessutan er eg glad i å vere lærar.

I tillegg er eg med i desentralisert ordning i Midt-Rogaland, og så er eg med og skriv søknadar til eit nordisk forskingssamarbeid om skrivevanskar og teknologi. Eg er også med på å lage pakkar til Språkløyper, også dei om lese- og skrivevanskar. Skrivevanskar var det eg heldt på med i masteren min, og eg kjem tilbake til dei tinga igjen no.

– Du var lenge i skulen. Korleis hamna du på Lesesenteret?

– Eg hadde vore lærar i over 20 år då eg tok master i lesevitskap i 2004. Då grein eg meg til å få skrive ei oppgåve om skrivevanskar. Då var det litt på sida av det dei emneansvarlege eigentleg var interesserte i, men eg fekk lov, og fekk gode rettleiarar frå Lesesenteret. Etter det var eg med på ei bok om lese- og skrivevanskar i vidaregåande skule saman med Astrid Skaathun, Ellen Heber og Marianne Røskeland, mens eg enno jobba i skulen.

Så ein dag eg var på sykkeltur i Frankrike, fekk eg plutseleg telefon frå Universitetet i Stavanger. Om eg kunne tenkje meg å byrje å jobbe der? «Hæ? Eh … jo?» Eg vart så forfjamsa at eg gløymde igjen kameraet mitt på den plassen eg stoppa! Eg hadde ikkje tenkt at det var aktuelt for meg med jobb på Lesesenteret. Men eg hadde tilfeldigvis den kompetansen senteret trengte då. Og sidan har eg blitt.


Boka "Flere veier mot mål" blei gitt ut av norske Cappelen Damm i 2007. Ei svensk utgåve står i bokhylla til Margunn.

– Kva er det som har gjort at du har fortsatt å jobbe her?

– Eg har ein veldig meiningsfull jobb. Det er kanskje det viktigaste. Og at det er interessant. Eg har hatt rom for å sette meg inn i det eg har jobba med og formidla. Eg har jo lest meg inn og spurd meg inn og jobba meg inn i fleire tema. Og det å være lenka mellom skular og akademia, det er ei enormt viktig oppgåve.

Satsinga «Rom for lesing» kom i 2003 medan eg tok masteren min. Eg hugsar at eg då skreiv i ei oppgåve noko a la «Tja, går dette godt? Dei skal auke kompetansen blant lærarane, men har universitet og høgskular nok kompetanse til å gjere dette?» Og så fekk jo Lesesenteret eit nasjonalt mandat som ein del av satsinga på lesing, og eg kom inn midt i akkurat det eg hadde peika på som ein viktig faktor: At akademia trong kunnskapen og erfaringa til lærarane inn saman med det akademiske forskingsinnhaldet. Og at det måtte gjerast om til noko som kunne brukast i praksis.

– Korleis synest du det har gått?

– Eg vil seie at med Språkløyper har vi i alle fall lukkast med ein god del. Vi har laga noko som lærarane kan sjå på, diskutera og ta inn i praksis. Evalueringane vi har hatt så langt, har fortald oss det. På midtevalueringa sa både lærarar og barnehagetilsette at dei hadde endra praksis i løpet av Språkløyper. Og då testa dei berre det første halvanna året. No er jo innhaldet både meir og betre.

– Du får ein milliard av Norges forskingsråd. Kva gjer du med pengane?

– Oi! Ein milliard! Nei då … Vi skriv jo ein nordisk søknad om forsking på lese- og skriveteknologi. Så i staden for ein sånn liten pilotstudie som vi ser føre oss, hadde vi jo måtte hatt ein longitudinell studie i mange land over mange år. Og så kunne vi utvikla alle programma vi har lyst på. Brukt masse pengar på programmering!

– Kva hadde du gjort viss Lesesenteret stengte og du måtte finne på noko anna?

– Eg hadde vel berre blitt pensjonist. Nei, det er keisamt. Eg har jo tidlegare sagt at eg vil jobbe til eg er 67, men det trur eg at eg har gløymt, nå som den alderen nærmar seg.

Viss døra her hadde vore stengt … Da hadde eg gått rett heim i hagen. Eg er veldig interessert i hage, så eg kunne vel fått ei slags gartnerkarriere.

Viss eg skulle ha valt om att då eg var ung, då hadde eg kanskje blitt ingeniør. Konstruert bruer. Det har eg alltid vore interessert i. Eg har masse bilete av bruer. Romerske bruer, og store, flotte, nye bruer. Men ikkje dei flate i betong, dei gidd eg ikkje ta bilete av. Men det å konstruere elegante bruer, den matematikken og fysikken ein må kunne då! Det blir fint når du følgjer fysiske lovar. Det kunne eg gjort. Eg kunne sikkert vore med på fullføringa også, men det mest interessante hadde vore å finne ut korleis det skulle gjerast.

Tekst og foto: Elisabeth Rongved, Lesesenteret

Les fleire intervju med forskarane våre!