MENY

«Eg vil vere meg»

Berre ver deg sjølv! Så enkelt å seia. Så vanskeleg å få til. Denne bloggen tar utgangspunkt i akkurat desse orda, og me skal utforska følgjande: Korleis kan ein bruka tekst som utgangspunkt i arbeidet med å trygga elevane si sjølvkjensle? Av Karoline Amalie Gilje.

Eg løftar blikket og kikar ut i rommet. Eg kjenner meg stolt, sliten, lukkeleg, stressa. Men mest av alt kjenner eg meg litt uroleg. Artiklar, dokumentarar, rapportar, forsking og utsegn frå folk som veit og kan har plassert denne uroa i meg. I dag, som enkelte andre dagar kjenner eg på ansvaret som føl med yrket eg valde då eg var litt for ung. I dag, som så mange dagar før denne, kvernar tankane rundt i hovudet mitt.

Eg var lærar. No skulle det lærast! (Karoline, 23 år)

Eg har jobba som lærar i overkant av ti år. For meg kjennest dette lenge. For kollegaen min på arbeidspulten ved sida av er dette ingenting, då ho har vore lærar tre gongar lenger enn meg. Eg har framleis ikkje motteke kakespade eller blomsteroppsats som takk for lang og tru teneste i yrket. Likevel ser eg at mykje har skjedd i skulen på den tida eg har vore ein del av lærarfellesskapet. Eg kan framleis hugsa kjensla eg hadde den dagen eg opna døra til mitt første klasserom. Eg var lærar. No skulle det lærast!

Det tok ikkje lang tid før eg skjøna at mitt syn på læraryrket var relativt naivt. I mitt nyutdanna lærarsinn trudde eg mi største utfordring ville bli om eg greidde å læra førsteklassingane mine å lesa. På bokstavfesten mot slutten av året las elevane sjølvkomponerte dikt framføre foreldra. No tronar derfor ikkje leseproblematikken på toppen av bekymringslista mi. I dag er eg meir uroleg for om eg har tid og rom nok til å hjelpa elevane mine med noko som er langt viktigare, å trygga sjølvkjensla deira.

Korleis kan eg vere tøff nok til å vere meg sjølv når eg ikkje veit kven eg er? (Inger, 11 år)

Spørsmålet overfor vart stilt med oppriktigheit og sanning, likevel kjende eg at det vekte ei uro i meg. Ei uro for å ikkje gje eit godt nok svar. I augeblikket spørsmålet festar seg i tankane mine innser eg kor uendeleg mykje læraryrket rommar. [1]Sektordiagrammet under gjev eit bilete av lærarkvardagen, likevel føler eg at «other» sektoren burde vore større. Vaktmeistertenester, vasking, trøysting, lesing, studering, plastring og ikkje minst bekymring er jo ikkje nemnt!

For bekymring er ein stor del av læraryrket. Bekymring for når Pia skal meistra å skilja b og d. For når David skal læra at 8 * 8 = 64. Likevel er det ikkje desse tankane det er vanskelegast å plassera i kateterskuffa når ein forlèt klasserommet. Det er tankane om Eva. Om ho kjem seg trygt heim på skulevegen. Om Nils greier å fortelja dei heime det han fortalde deg i friminuttet. Om korleis det vil gå med Hannah når ho no skal skifta skule. Og om Filip ein dag blir trygg nok til å visa resten av klassen kven han eigentleg er. Det er dette som er lærarkvardagen. Min kvardag. Eg skal no gjera eit tappert forsøk på å bruka desse bekymringane til noko gagneleg for elevane mine. Og ikkje berre til å gje meg sjølv høg kvilepuls og grå hår.

 «…individuell eigenart gjer samfunnet rikt og mangfaldig»

I haust vikarierte eg for ein svært medgjørleg lærarkollega. Med hennar og rektor sitt samtykke gjennomførte eg ein fagdag i norsk på sjette trinn. Dagen vart planlagt utifrå lesesenteret sin Leseplanleggjar, [2] samt på bakgrunn av mål frå læreplanen i norsk. I den generelle delen av læreplanen kan ein lesa følgjande: «Oppfostringa (…) skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigne vokster, og individuell eigenart gjer samfunnet rikt og mangfaldig.» [3]

Med utgangspunkt i denne flotte, men noko ambisiøse formuleringa utarbeida eg eit undervisningsopplegg som tok utgangspunkt i følgjande problemstilling: Korleis kan ein bruka tekst som utgangspunkt i arbeidet med å trygga elevane si sjølvkjensle? Eg ville undersøkja om ein kunne bruka lesing, skriving og muntlegheit som innfallsvinkel og utgangspunkt i arbeidet med å fremja ei positiv sjølvkjensle hos elevane.

«Eg skulle ønskja…»

Fagdagen starta med tankespinn og tankeskriving. Elevane fekk utdelt eit ark med ulike illustrasjonar som på ein konkret eller abstrakt måte fortalde noko om kor viktig det er å streva etter å væra trygg i seg sjølv. Elevane tankeskreiv med illustrasjonane som utgangspunkt. Her er eit innblikk i deira djupsindige tankeverd.

«Eg kjenner meg igjen i bileta. Eg kan ikkje alt det andre kan, men det eg faktisk kan gjer meg jo til den eg er. Skulle berre ønskja eg kunne vist det fram meir.» (Lukas 11 år.)

«Eg skulle ønskja eg var slik som dei på bileta. Skulle ønska eg kunne vist alle kven eg er under alt som er over.» (Anna, 11 år)  Sterke ord frå to elleveåringar som ønskjer å visa verda kva som er under alt som er over…

«Når eg blir stor då skal eg vere akkurat den eg er, men ikkje heilt endå…» (Sofia, 11 år.)

Eg tok utgangspunkt i eit tekstutdrag frå barne- og ungdomsromanserien «Skammarens dotter» av Lene Kaaberbøl. I teksten diskuterer mor og dotter utfordringane som oppstår når ein prøver å bli trygg på eigen identitet. Gjennom innspela i samtalen viste elevane at teksten gjorde inntrykk på dei. Dei var aktive samtaledeltakarar og delte villig av eigne refleksjonar. Tekstane dei produserte i skriveøkta tydeleggjorde at det aktuelle tema er både sårt, vanskeleg og viktig for elevane. Gjennom tekstskrivinga formidla dei kampen mellom lysta etter å visa verda kven ein er, og frykta for det same. «Eg er spesiell og unik fordi ingen er som meg. Er du klar over kor skummelt det er?»  (Joachim, 11 år)

Å inkludera dei «vanskeleg tema» i lese og skriveopplæringa

Eg kan ikkje kome med noko form for fasitsvar på korleis ein kan kombinera lesing, skriving og muntlegheit i arbeidet med å trygga elevane si sjølvkjensle. Likevel gav undervisningsopplegget mitt meg nokre indikasjonar på at det er viktig at ein inkluderer dei «vanskelege tema» i lese og skriveopplæringa.

Gjennom samtalane med elevane, tekstane deira og rollespela såg eg korleis ein enkel tekst kan bidra til å setja fokus på eit tema som er både komplisert og innfløkt. Ei skriveoppgåve treng ikkje kun vera å skriva om dei store oppfinnarane, eller å argumentera for og imot heimelekser. Ein tekst kan brukast som utgangspunkt for diskusjon og sjølvransaking.

Mot slutten av fagdagen viste elevane rollespela som dei jobba med i grupper. I skrivande stund har eg ikkje anledning til å gå nærare inn på denne sekvensen, det får bli ved eit seinare høve. Likevel vil eg runda av med ein elevkomponert replikk som vart framført i eit av rollespela, og som på mange måtar oppsummerer mitt møte med denne flotte klassen.: «Det som gjer meg spesiell er at eg jobbar hardt for å bli den eg vil bli. Andre veit ikkje ein gong kor dei skal begynna jobben.» (Emma, 11 år)

Les flere praksisfortellinger med utgangspunkt i Leseplanleggeren.


[1] Illustrasjon/sektordiagram: teachingliteracy.com

[2] Lesesenteret. (2015, 7. oktober.) Leseplanleggjaren. Henta frå: https://lesesenteret.uis.no/boeker-hefter-og-materiell/boeker-og-hefter/leseplanleggjaren-article99091-12686.html. Lest: 11.10.2017
.[3] Utdanningsdirektoratet. (2006) [2013] Læreplanverket for Kunnskapsløftet(LK06) Oslo.