MENY

Timothy mister seg sjølv - å motivere til undring

Timothy mister seg sjølv av Vegard Markhus er prøvd ut i Lerdal barnehage i Oslo.

Tekst: Ingunn Iverte Bjune

På leiting etter ei bok til tema kroppen fann vi boka Timothy mister seg sjølv. Det finnes ei mengde bøker om anatomi, fordøying og diverse – fagbøker for barn om kroppen. Når ein skal lære dei heilt grunnleggjande orda for dei forskjellige kroppsdelane, som fot, arm, auge, øyre – så er desse fagbøkene sjølvsagt ok, men ikkje alle barn lar seg engasjere av dei tradisjonelle fagbøkene.

Boka fortel om Timothy, ein godt vaksen mann, som har det heilt fint. Ein dag mistar Timothy ei tann, og så begynner heile kroppen å falle saman. Men det ender bra til slutt, for han klarer å bygge seg sjølv saman igjen…

Timothy mister seg sjølv er engasjerande, morosam og rar. Barna ler av Timothy, og så veit dei jo så mykje betre enn han – hallo! Vi har opplevd at dei fleste barna som les denne boka blir veldig ivrige etter å fortelje om Timothy: ”Han mista armen og så mista han … og så var det berre hovudet igjen!” ”Ja, og så skulle han pusse tenner, men så hadde han ingen tenner!” Dei fleste synes det er vanvittig morosamt at han set kroppen feil saman og hoiar ”Åh, armen ut av hovudet!” og ”Øyra der! – på skuldrene!” Andre begynner å fundere på korleis dette kan fungere: ”Kan han høyre viss øyrene er på skuldrene, då?” ”Kanskje han kan høyre hjarte sitt når øyra er på skuldrene?” Ein gut meinte at det ville vere fint om han òg kunne miste tissen. Han tenkte at viss han ikkje hadde den der tissen så ville han ikkje tisse så mykje utanfor, og så ville ikkje mamma bli sint på han.

Vi har laga eit puslespel som vi nokon gonger sender rundt etter å ha lese boka. Det er ein heilt enkel mann som er delt opp i fleire delar med borrelås bak. Delane kan festast på eit stykke filt – det er altså ganske fritt fram korleis delane settast saman. Nokon barn hjelp Timothy og set kroppen riktig saman, andre tøysar og lagar merkelege variantar med armar rett opp frå hovudet osb. Det blir mykje moro ut av dette.

 

[1] Presentert i innlegg på Nordisk barne- og ungdomslitteraturkonferanse, Maktens Pluttifikasjon, Stavanger 7. februar 2011.