MENY

"Skrivedidaktikk": Slik kan du gjere elevane betre til å skrive

For at elevane skal bli gode til å skrive i alle fag, treng dei støtte og tid til å jobbe grundig med tekstane sine. I boka «Skrivedidaktikk – korleis støtte elevane si skriving i ulike fag» gir Anne Håland ein teoretisk bakgrunn om skriving, og ei rekke eksempel på korleis lærarar kan jobbe for å gjere elevane til gode skrivarar.

Lærer og elev skriver "Skrivedidaktikk - korleis støtte elevane si skriving i ulike fag" gjer mange eksempel på korleis ein kan jobbe med skriving i ulike fag. (Illustrasjonsfoto: Getty)

– I mine 14 år som lærar jobba eg mykje med skriveopplæring. Eg oppdaga at elevane henta mønster frå tekstane dei las når dei sjølv skulle skrive. Etter kvart stilte eg meg spørsmålet: Kva viss elevane fekk lese og jobbe bevisst også med fagtekstar – korleis ville dét påverke dei som skrivarar? seier Anne Håland, i dag førsteamanuensis ved Lesesenteret, og forfatter av boka Skrivedidaktikk – korleis støtte elevane si skriving i ulike fag (Universitetsforlaget).

Bestill boka her.

Mange eksempel

Skrivedidaktikk er derfor ei nyttig og verdifull bok, retta mot lærarstudentar og lærarar frå 1. til 10. trinn.

Boka er skrevet med utgangspunkt i Håland si doktoravhandling om bruk av modelltekstar, og er utvikla i tråd med norsk skriveforsking. Ho startar med eit breitt, forståeleg teoretisk bakteppe, som gir viktige prinsipp for god planlegging og gjennomføring av skriveundervisninga.

Vidare får lesaren fem kapittel som presenterer ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane. Det handlar om iscenesetjing og leik som utgangspunkt for skrivinga, om modelltekstar, skriverammer, korleis ein kan gjere elevane bevisste på språk i forskjellige fag, sjangrar og tekstar, om samtalen som stillas for skrivinga og om vurdering og prosess-skriving.

Alle kapitla inneheld fleire praktiske eksempel som er knytt opp mot teorien boka er fundert på.

– Eg har lagt vekt på ha med mange praksiseksempel for at boka skal kunne være nyttig for læraren å ha med seg når ho planlegg undervisninga si. Meininga er at lærarane skal ta utgangspunkt i praksiseksempla, og sjølv finne eigne eksempel og moglegheiter som dei kan ta i bruk i si eiga undervisning, og i ulike fag, seier Håland.

Fleire fagbøker frå Lesesenteret.

Kunnskap om fag handlar om skriving

– Med Kunnskapsløftet blei skriving løfta fram som ein grunnleggande ferdigheit i alle fag. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på, og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Du må læra deg språket og skrivemåtane til faget, for å verkeleg lære deg eit fag, seier Håland.

Ho er opptatt av at læraren må jobbe systematisk med skriveopplæringa i klasserommet.

– Elevane vil utvikle seg til betre skrivarar om dei blir bevisste kva som kjenneteiknar forskjellige typar fagtekstar, og får eit fagspråk om sjølve skrivinga, seier ho.

– Dei må få moglegheiter til å læra seg skrivemåtane i dei forskjellige faga, og det tar tid. Den klassiske «skriv og lever»-oppgåva er ikkje skriveopplæring, men testing. Elevane skriv ofte mange tekstar i løpet av eit skuleår, og for mange elevar handlar skriving mest om å bli ferdig. Men det kan gje betre læring viss dei heller får jobbe grundigare og meir systematisk med færre tekstar. Særleg for dei svake elevane er denne typen støtte veldig viktig, seier Håland.

Anne Håland: Skrivedidaktikk – korleis støtte elevane si skriving i ulike fag er gitt ut på Universitetsforlaget (2016) og kan bestillas frå forlaget.

Av Elisabeth Rongved, kommunikasjonsrådgiver, Lesesenteret


 
Skrivedidaktikk - korleis støtte elevane si skriving i ulike fag

"Skrivedidaktikk - korleis støtte elevane si skriving i ulike fag" av Anne Håland er gitt ut på Universitetsforlaget.