MENY

Lesesenterets EM-spesial

Det er fotball-EM – og vi presenterer lesetips frå alle landa som deltar. Her er bøker frå heile Europa, for barn, ungdom og vaksne. Garantert inspirerande, god sommarlektyre – også for deg som ikkje ser på fotball!

To gutter hviler på en plen. Ei god bok kan korte ventetida mellom fotballkampane.

Gode lesetips frå EM-landa finn du her.

Vil du vite meir om landa som spelar i EM i fotball 2016? Treng du bøker til å korte ventetida mellom kampane? Eller er du ganske enkelt på jakt etter skikkeleg godt lesestoff for sommaren?

I samarbeid med barnebibliotekar Kjellaug Bjerkli Haaberg ved Haugesund Folkebibliotek har vi funne gode bøker frå alle landa som deltar i årets EM i Frankrike. Nokre bøker er for barn, andre for ungdom, og nokre for voksne.

Vi håper dette gjer mange gode lesestunder i sommer. Kanskje får du og inspirasjon til å bli kjent med nye forfattarar – og lære meir om land du kanskje ikkje har tenkt så mykje over før!

Her finn du lista. Ho blir oppdatert dag for dag.

God lesing – og måtte det beste laget vinne!