MENY

Ungdom: Eg er eg er eg er

Lesegledernes boktips 13. desember.

Eg er eg er eg er

Ruth Lillegraven og Mari Kanstad Johnsen (ill.)
Samlaget (2016)

Gjennom 39 dikt skildrar Eg er eg er eg er korleis det er å vere ung og levande. Dikta og kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter, og lesaren får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung. 

Bragepris-vinnar Ruth Lillegraven, viser med Eg er eg er eg er at ho verkeleg er ein forfattar som også unge lesarar vil få stor glede av. Samlinga er illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.

På veg til deg

eg er ein båt

som seglar

 

ein fugl som flyg

 

ja, over alle hav

seglar eg for å vere

med deg

 

over alle skyer

flyg eg for å vere

med deg

 

snart landar eg

snart legg eg til land

legg handa mi i di

 

Eg er eg er eg er