MENY

Setningsstruktur

Alle som kan snakke er ganske flinke til å lage setningar, og den kunnskapen vi har der må vi sjølvsagt bruke. Men det er spesielle krav til å uttrykke seg korrekt når vi skriv, og stiltonen når vi skriv er som regel ulik den vi har når vi snakkar. Dessutan har forskjellige språk har ulik setningsoppbygging, derfor kan det oppstå problem med oppbygginga av setningene. Under har vi råd til ulike grupper skrivarar.

For deg som les lite

Ordstillinga (rekkefølgja av ord) er normalt ikkje eit problem for dei som skriv morsmålet sitt. Men dersom du les lite, chattar mykje, eller skriv mykje sms, har du kanskje vent deg til eit skriftspråk som nesten er som eit talespråk. Når vi sender meldingar, kortar vi ned teksten og bruker andre ord enn dei som er typiske for skriftspråket, for eksempel slik:

Gjere noko? Skal klatre i kveld kl sju på Myhren (det store) med nokre venninner av C hvis du er keen.

Hugs at i korrekt norsk skriftspråk skal det alltid vere eit subjekt (nokon som gjer noko) og eit verbal (noko som blir gjort) i setninga. Vi bruker også ulike ord når vi snakkar og når vi skriv. Her ser du korleis setninga over er gjort om til normalspråk.

Har du lyst å bli med og gjere noko? Eg skal klatre i kveld kl.19 på den store avdelinga hos Myhren saman med nokre venninner av Camilla. Bli med du også, viss du har lyst..
 

For deg som strevar med rettskriving

Dersom du strevar med rettskriving og får kommentarar om at setningane dine heller ikkje er heilt topp, er det eit godt råd å “skrive i vei” utan å la deg forstyrre av staveproblem. Då kan du konsentrere deg om innhaldet og å forme greie setningar. Mange dyslektikarar hengjer seg så mykje opp i rettskrivinga at det går ut over samanhengen i teksten eller setningsstrukturen.

Er det eit ord du veit du må sjekke stavemåten til, kan du markere det raskt med skuggefarge, slik at ordet er lett å finne igjen etterpå. Rettskrivinga er det lett å fikse på etter at teksten er ferdigskriven når ein skriv på pc. Fleire tips om korleis dette kan gjerast finn du på sida Rettskriving ++
 

For deg som har lite arbeidsminne

Har du lite arbeidsminne, kan det vere nødvendig å skrive korte setningar for å klare å halde kontroll over dei. Sjekk om dei heng saman etterpå!

Det kan også vere til hjelp å lese inn den teksten du skal skrive på pc-en eller på eit anna opptaksmedium du har, og skrive det du høyrer. Du kan bruke gratisprogrammet Audacity, eller bruke Word/ Objekt/ Wave sound/og få opp eit ikon du kan bruke når du vil lese inn tekst.

Ver likevel merksam på at vi ikkje kan skrive heilt slik vi snakkar.
 

For deg som er flink til å lytte

Når du har skrive teksten, kan du la pc-en lese opp teksten med syntetisk tale. Då kan du lytte til teksten og høyre om den høyrest klar og tydelig ut. Spesialprogrammene for dyslektikarar LingDys, Textpilot   og CD-ord har talefunksjon.
 

For fleirspråklege

Norsk har ganske bestemte reglar for rekkefølgja av orda i ein setning, samsvar mellom ulike deler av ein setning og bøying av ord. Alle språk har sine eigne regler. Har du eit anna morsmål enn norsk, bør du samanlikne morsmålet ditt med norsk. Det er en fordel å arbeide saman med ein som kan mye om språk: Læreran din eller morsmålslæraren, for eksempel. De bør arbeide systematisk og finne ut kva du skal vere ekstra merksam på. Ofte kan det vere nokre ganske få ting du må lære for å få mange færre norskfeil. Arbeid med ein eller to ting om gongen, og lag eit hjelpekort.

UiS logo