MENY

Ordval

Ein ting som skil tale og skrift er ordvalet. Nå har vi rett nok fått skriftsjangrar som chat og SMS, kor det å skrive nesten er det same som å snakke, og som kanskje vil dra skrift nærare talespråket. Men enn så lenge må vi vere merksame på skilnadene.

Stil 

Variasjon

Samle på ord, medvit om ord

Fleirspråkleg

Stil
Du skriv ikkje at ipoden var dritdårlig i ein klage til leverandøren, slik du gjer når du sender ei melding til ein venn. Ord som kult, sinnsjukt og tryne er også eksempel på ord frå det munnlege området som ikkje passar inn i ein skriftleg normalstil.

Norsk kan uttrykkast på fleire måtar, og kvar måte/stil må lærast. Du lærer først og fremst det som er spesielt med norsk skriftspråk ved å lese den type tekst du skal skrive, i avisa, i læreboka eller liknande. Dersom du les bare for å få med innhaldet, er det ikkje sikkert du legg merke til det som er spesielt med skriftspråket. Derfor er det nokre gonger nødvendig å lese med merksemd spesielt retta mot språket. Du kan bite deg merke i noen få, kjekke ord du kanskje kan bruke. 

Variasjon
Synonymordboka kan brukast når du vil variere språket. Ho finst i teksthandsamingsprogramma. I staden for å skrive ordet mange, kan du bruke ei rekkje/talrike/mangfaldige andre ord. Slike forslag kan du finne i synonymordboka.

Samle på ord, medvit om ord
Alle har vi bruk for å utvikle ordforrådet vårt, og då er det lurt å samle på ord. Vel ord du har bruk for, og jobb grundig med fagord du skal kunne, for eksempel ved å lage ordkart. Det tar litt tid å lage ordkartet, men når du har gjort det, kan du ordet veldig godt.

Ein ting er å lære orda, ein annan ting er å kjenne alle nyansane og vite når det passar å bruke orda. Lesing er effektivt for å lære skriftspråk, og når du les for å lære språk, sjekkar du deg sjølv innimellom, om du forstår innhaldet og orda. Det kan du gjere ved å skrive notat, lage kolonnenotat, samandrag eller bruke andre måtar å arbeide med stoffet på. Du klarer ikkje gjere slike krevjande tekstøvingar utan at du har forstått. 

Vi veit at dei som kan mange ord, lettare lærer nye ord enn dei som kan få.
 

Fleirspråkleg
Har du ikkje norsk som morsmål, må du legge inn ein ekstra innsats i forhold til det å lære ord. Skriv orda du ikkje kan eller er usikker på i ei lita notisbok, og finn ut kva dei betyr. Ver spesielt merksam på metaforar og språklege bilete, at ord kan brukast på mange måtar.

Heftet Mangfold i språk og tekst handlar om noko av det ein skal vere merksam på når ein lærer på eit språk som ikkje er morsmålet.

UiS logo