MENY

Innhald

Korleis finne ut kva ein skal skrive om?

Les oppgåva godt, grip tak i orda i henne, både dei som seier kva du skal gjere (drøfte, tolke, forklare), og dei som seier kva du skal skrive om. Nokre gonger må du finne ut kva orda betyr og forklare eller definere dei. Du kan gjerne begynne teksten din med det.

Kan du mykje om det du skal skrive om frå før? Då er det bare å setje i gang å planlegge. Men ofte må vi søkje informasjon for å kunne skrive noko interessant. Du kan lese eller snakke med noen.

Dersom du hentar informasjon på internett eller i andre kjelder, må du:

  • Velje bort: Det blir lett for mykje stoff.
  • Kontrollere kjelda, er ho til å stole på?
  • Sjekke om kjelda handlar om det du skal skrive om.
  • Gjere stoffet til ditt: Les teksten og lag dine eigne stikkord, formuler det på nytt i eigen tekst. Det er ikkje tillate å stele andre sine tekstar. Det er òg ekstremt vanskeleg å få klipp frå ulike stader til å hengje saman. Så skriv heller sjølv!
  • Hugse å oppgi kjelder. Då er det tillate å hente stoff frå andre sine tekstar.

Hjelp til ulike sjangrar:

Samstundes med at du samlar stoff, er det lurt å lage eit ustrukturert tankekart eller notere stikkord.

Vi skal her sjå på korleis du kan arbeide med oppgåva: ”Har bussen ei framtid som transportmiddel?”

UiS logo