MENY

Avsnitt

Eit avsnitt skal ha eitt tema. Dette temaet skal presenterast i første setninga i avsnittet, og deretter skal det vidareutviklast. På slutten av avsnittet bør du oppsummere og leie lesaren vidare mot neste avsnitt. Vi skal her vise eit døme.

Vi skal sjå på korleis det blir når vi lagar eit avsnitt ut frå eit tankekart. Sjå både på teksten under og tankekartet.

Presentasjon av tema:  Det er mykje positivt med å ta buss.Avsnitt%20nn.jpg%20%28205x151%29

Vidareutvikling: Det er meir sosialt enn bil, vi treffer ofte kjende på bussen. Det er også billigare enn å ha bil, særleg når det er rabattordningar som ungdomskort. Dessutan blir det færre bilar på vegane, og då blir det mindre kø, mindre ureining og færre bilulykker, skulle ein tru.

Oppsummere og leie vidare mot neste avsnitt, som skal vere negative sider med å bruke buss: Det er altså mykje bra med å køyre buss. Likevel er det mange som kjøper seg bil så snart dei fyller 18 år. Kvifor det?

Vanlegvis markerer vi avsnitt med ekstra linjeskift når vi skriv på maskin og innrykk på linja nå vi skriv for hand. NB! Ikkje lag ny linje etter kvart punktum.

Rame for avsnitt
Tema  
Utvikle tema: Begrunne, gi eksempel eller eigne erfaringar  
Utvikle tema: Begrunne, gi eksempel eller eigne erfaringar                                           
Utvikle tema: Begrunne, gi eksempel eller eigne erfaringar  
Avslutning, konklusjon som eventeult leier vidare mot neste tema  
UiS logo