MENY

Vanskar med lesing - om å velja tekstar

Korleis kan du som forelder inspirere barn med konsentrasjonsvanskar eller lesevanskar til å lese bøker?

Far og sønn leser sammen. Mange treng et dytt for å fatte interesse for lesing og bøker.

Det er mange grunnar til at folk ikkje les. Det kan vere språk, struktur, og handling ved teksten som gjer den vanskeleg å følgje. Du hugsar garantert ei bok som du ikkje orka lese ferdig fordi du las side opp og side ned utan at du blei riven med eller skjøna heilt kva vitsen var?

Dessutan kan det vere at den som les er lite konsentrert, har vanskar med å lese eller konsentrere seg, at ein treng spesifikke rutinar for å komme inn i tekstar eller at temaet for teksten er uinteressant for den som les.

Barn med lesevanskar eller konsentrasjonsvanskar treng ofte ein ekstra dytt for å fatte interesse for bøker og lesing. Her følgjer nokre innspel som kan hjelpa foreldre til å finna bøker til ungane, slik at dei kan ha betre vilkår for å komma i gang med lesing eller lesa meir.

Lettlest – ikkje alltid like fengande 
Dersom lesing er vanskeleg, skal det også meir til for å få teksten til å fenge. Eit enkelt grep kan vere å velja tekstar som ikkje har dei elementa som krev mest, men som samstundes held på tekstlege kvalitetar. Det siste er ofte ei utfordring i forbindelse med såkalla lettlesthefter eller småbøker som er laga for å få elevar i gang med lesing, ikkje for å halde på interessa for lesing.

Dei seinare åra er det gjort framsteg også når det gjeld tekstlege kvalitetar, t.d. ved at ein let forfattarar skriva småbøker. Fordelane ved å bruke forfattarar er at dei har eigenskapar og teft for å skape tekstlede kvaliteter sjølv om det er få ord og enkle setningar.

Å forenkla – eit problem
Spørsmålet om litteratur for personar som slit med å lesa blir ofte redusert til å søkja etter tekstar med ikkje for lange setningar, ikkje for lange ord og som ikkje introduserer mange nye ord.

Ein ulempe med mange av desse tekstane er at dei blir innhaldsfattige. Når det er få ord, og nesten alle orda skal vera vanlege, blir det gjerne lite materiale for å skapa assosiasjonar og innleving i den som les. Ord som ein ikkje nyttar så ofte - og gjerne rare ord - fungerer gjerne som innhaldsknaggar og som springbrett for nye tolkingar. Litt enkelt og upresist kan me seia at alle gode tekstar inneheld mindre kjende ord. Rett og slett fordi det vanlege ikkje er det som fenger mest. Mange tekstar som har ein intensjon om å invitera inn i skrifta, får ofte utilsikta ein "teflon-effekt" i lesaren: det er lite som festar seg i minnet eller fenger interessa gjennom å oppdaga noko i tekst som ein ikkje oppdager andre stader.

Sjå film om korleis ord får/har meining

Litteratur for personar med vanskar
Ein interessant og annleis tenkemåte om litteratur for personar som har vanskar med lesing er forslaget Lundberg og Reichenberg kjem med i slutten av si vesle bok Väd är lättläst? (Lundberg, I. & Reichenberg M. (2008): Väd är lättläst? Specialpedagogiska
skolmyndigheten).

I motsetnad til tanken om tekstar med få ord og enkle setningar foreslår Lundberg og Reichenberg å heller velja innhaldsmetta tekstar som har ein enkel struktur i form av eit klårt plott, ein forteljande struktur utan bråe skifter, eit relativt enkelt persongalleri som ein følgjer gjennom teksten. Når slike strukturelle element er på plass, kan teksten gjerne vera ganske komplisert når det gjeld ord og setningar.

Eit anna viktig moment i same tankebane er at den som les treng å ha eit grep om heilskapen i boka. I samband med Lundberg og Reichenberg sitt forslag, vil førlesingsaktivitetar vera særskilt viktig sidan tekstane elles ikkje vil vera enkle. Slike aktivitetar kan vera klargjering av forventningar til boka ut frå tittel, ei klargjering av hovudperson og persongalleri - gjerne ved å laga ei liste for den som skal lesa over roller før ein startar lesinga, snakka om omslagsteksten på boka og tenkja høgt om korleis det kan enda. Førlesingsaktivitetane saman med ein enkel struktur (ein informativ tittel, klårt plot, og lett identifikasjon av hovudperson) gjer det mogleg for lesarar som ikkje lett søkjer mot boka å få rik teksterfaring.

Les meir om førlesing i heftet Lesing er… 

I tillegg viser erfaring at barn med lesevanskar eller konsentrasjonsvanskar ofte har lettare for å lese bøker i pocket-format. Det hjelper også om teksten ikkje fyller heile boksida, om kapitla er korte og det er teikningar på kvart oppslag. Snakk med bibliotektaren på bibliotektet nær deg om kva tekstar han ho tenkjer har slike karakteristikkar, også ut frå kva lesaren er interessert i.

Døme på slike bøker: 

Aktuelle nettsider:
Leseglederne sine nettsider finn du tips til bøker for barn og unge. Her kan du få tips til bildebøker og lettlestbøker.

Boksøk kan du gjere avanserte søk etter bøker som passer ditt barn best. Du kan til dømes søkje etter sjanger, emne og språk, om boken skal innehalde bilder eller vere ei lydbok, og søkje etter bøker retta mot bestemte aldersgrupper. Du kan også finne informasjon om dei ulike bøkene og finne boktips til både nye og gamle bøker.
 


Tekst: Per Henning Uppstad, førsteamanuensis ved Lesesenteret
Boktips: Monica Gundersen Mitchell, universitetslektor ved Lesesenteret