MENY

Standardisert staveprøve frå Lesesenteret

Lesesenterets staveprøve er utvikla for å kunne gi nyansert informasjon om staveferdigheitene til elevar på 3. til 10.trinn. I tillegg kan prøven nyttast til screening.

For første gong har Lesesenteret gitt ut ein staveprøve med tilhøyrande rettleiing og teoridel. Prøven kan og kallast ein diktatprøve, rettskrivingsprøve eller prøve på ordskriving. Forfattar Astrid Skaathun har valt å konsentrere seg om staving og staveferdigheitar både i namnet og i innhald i prøven.

Tidleg avdekking
Prøven kan nyttast som screening for å raskt gi ei oversikt over kven av elevane som havnar under forventa nivå. Prøven kan òg nyttast som ein diagnostisk prøve på individnivå. Då kan ein gå djupare inn i kvart tilfelle for å finne ut konkret kva eleven strevar med.

- Eg trur vanlege lærarar i hovudsak kjem til å nytta prøven som screening, medan spesialpedagogar kjem til å bruka den for å gå  meir i djupna, seier Astrid Skaathun.
 


Prøven har eit kategoriskjema som gir læraren oversikt over kva elevane slit med, og prøven blir følgd opp av ei solid rettleiing.
- Viss læraren tar seg tid til å gå inn i rettleiinga, har han eller ho eit godt utgangspunkt for å setje inn riktige tiltak, seier ho.

Eit av måla med prøven er å oppdage elevar med skrivevanskar på eit tidleg tidspunkt, og at prøven skal visa nøyaktig kva eleven slit med. Orda i staveprøven er valt ut for å dekke ulike sider ved norsk ortografi. Det er gjort ein systematisk og grundig utveljing av ord slik at elevane sine prøveresultat skal gi meir detaljert kunnskap om deira staveferdigheiter. Slik kan ein på ein betre måte avgrense eventuelle stavevanskar og setje inn målretta tiltak.
- Dess meir tydeleg ein klarar å avgrense kjernen av stavevanskar, dess meir konkret kan ein vera i tiltaka og dess betre resultat kan ein forvente.

Overkommeleg prøve
Det har vore eit omfattande arbeid å finne fram til dei 32 orda som har fått plass i orddiktaten. Skaathun har lagt vekt på at prøven ikkje skal vera for tidkrevjande.

- Det finst andre prøvar, men enkelte av desse er veldig omfattande. Dei testar meir om elevane greier å konsentrere seg over lang tid enn staveferdigheiter. Spesielt for dei som har staveproblem er det utfordrande, seier Skaathun.

Orda er nøye plukka ut relatert til kor ofte dei er å finna i tekstar, og korleis dei reflekterer ulike sider ved norsk skriftsspråk. Dette er og den første staveprøven som er standarisert for heile landet.

- På den måten tek ein høgde for ulike dialektar.  Det er ikkje sikkert det er dei same orda som skapar problem for elevar i Rogaland som for elevar på Austlandet, seier Skaathun.

Etterlengta prøve
Skaathun har lang erfaring med pedagogisk rettleiing både i skulen og frå arbeid med  spesialpedagogikkstudentar.
- Eg veit kor skoen trykkjer, og mange har etterlyst ein slik staveprøve, seier ho.

Diverre har det ofte vore trena mykje på feiltypar, utan at det ein har trena på blir sett inn i språklege samanhengar.
- Det nyttar til dømes ikkje å trena på enkle eller doble konsonantar i månadsvis utan at orda blir nytta i tekst. Det blir lausriven ferdigheit, seier Skaathun.

Prøven er gitt ut på både nynorsk og bokmål.
- Vi har prøvd å finne prøveord som fungerer på begge målformene. Der vi ikkje har klart det, har vi funnet parallelle ord, seier ho.

Prøven og rettleiingsheftet er utforma av pr.phil. Astrid Skaathun. Utprøving og statistisk bearbeiding er utført under leiing av førsteamanuensis Oddny Judith Solheim ved Lesesenteret, medan førsteamanuensis Hildegunn Støle ved Lesesenteret har gitt innspel til rettleiingsheftet.

Les også:

Oversikt over kartleggings- og støttemateriell På disse sidene finner du en oversikt over materiell til bruk i kartlegging og diagnostisering av språk-, lese- og skrivevansker, og veilednings- og støttemateriell. Oversikten er utarbeidet basert på valgte kriterier.