MENY

Språkløyper søker nye deltakarar – særleg frå vidaregåande

Ny runde med oppstartsamlingar i vår, med søknadsfrist 1. mars. Språkløyper ønsker særleg velkomen deltakarar frå vidaregåande opplæring.

Nå er det snart tid for ny runde med oppstartsamlinger for Språkløyper rundt om i landet.

Denne gongen oppmodar me særleg vidaregåande skular til å melda seg på – men barnehagar og grunnskular er sjølvsagt like velkomne som før.

Les òg: Sjå heile invitasjonen her (pdf)

Meir for vidaregåande

Språkløyper har til nå vore mest brukt i nettopp barnehagar og grunnskular, men det kan endra seg.

I utviklinga av Språkløyper blei dei yngste prioritert først.Etter kvart har me likevel produsert så mykje for vidaregåande at me er stolte av å tilby kompetanseutviklingspakkar til bruk i felles kompetanseutvikling i kollegium i vidaregåande opplæring òg, forklarer Margunn Mossige, prosjektleiar for Språkløyper og førstelektor ved Lesesenteret.

Dermed bør oppstartsamlingane for Språkløyper, som går føre seg i april, vera verd å merka seg – enten ein jobbar i barnehage, grunnskule eller vidaregåande.

Her er lenke til påmelding

Påmelding via kommunar og fylkeskommunar

Invitasjonen til desse samlingane er sendt ut til kommunar og fylkeskommunar. Desse sender invitasjonen vidare til skular og barnehagar dei har ansvar for - og sidan melder på dei som er interesserte.

Private barnehagar og skular kan sjølv melda seg på, eventuelt gjennom kjedeeigaren, dersom eininga høyrer til ei kjede.

Påmeldingsfrista er 1. mars.

Oppstartsamlinga, som er gratis, består av ein presentasjon av Språkløyper og ein gjennomgang av korleis det kan arbeidast med dei digitale ressursane på www.sprakloyper.no lokalt, på den enkelte arbeidsplassen.

Samlinga er for leiarar og ressurspersonar som skal leia utviklingsarbeidet med språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular.

Les òg: Se hva som kommer for videregående i Språkløyper

Tid og stad

Her er datoane og stadane oppstartsamling blir arrangert på:

 

10. april: Stavanger

11. april: Kristiansand

12. april: Bergen

13. april: Trondheim

24. april: Alta

25. april: Bodø

26. og 27. april: Gardermoen

 

Programmet går føre seg frå kl 10.00 til 15.00 alle stadar.

Det er eigne program for barnehage, barnetrinn og ungdomstrinn/vidaregåande.

Les òg: FYR er over nasjonalt, men lever vidare lokalt

Stadig fleire er med

Over 450 tilsette frå barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular frå heile landet var med på den aller første oppstartsamlinga i Språkløyper, i slutten av oktober 2015.

Våren 2016 var så 1150 nye deltakarar med på sju regionale oppstartsamlingar, spreidde utover Noregs land.

I fjor steig talet til over 1500 deltakarar - og kanskje set me ny rekord i år igjen?

Les òg: Søk om å bli språkkommune

Læring i fellesskap

«Når lærarar lærer, lærer elevane,» er eitt av dei viktige prinsippa som ligg bak Språkløyper. Prinsippet er langt frå tatt ut av lufta, men er derimot ein av dei klare konklusjonane frå skuleforsking som er gjort.

For sjølv om dei digitale ressursane i Språkløyper skal brukast av vaksne – tilsette i barnehagar og skular – er meininga at læringsutviklinga skal gå vidare til barna og ungdommane.

Læringa og utviklinga til eleven er ofte det som motiverer lærarar, det enkelte gjerne omtalar som «magien» ved å undervisa.

Usikker på kva Språkløyper er? Her finn du svaret!