MENY

Så var Språkløyper-turnéen i gang

Over 1100 tilsette i barnehage og skule skal på oppstartsamling for Språkløyper i vår, og dei første var på plass på Sola i går, tysdag.

Deltakarar på Språkløyper-oppstartsamling på Sola Engasjerte deltakarar på Språkløypers oppstartsamling på Sola i dag, som er første stopp på Språkløyper-turnéen i år.

Sola utanfor Stavanger var første post når Språkløyper-teamet nå legg ut på turné landet rundt med oppstartsamlingar.

Snautt 180 personar – tilsette i barnehagar, barneskular, ungdomsskular og vidaregåande skular – var i dag samla for å få både informasjon og inspirasjon for å ta i bruk dei digitale ressursane i Språkløyper på arbeidsplassane sine.

Større språktrykk i barnehagen

- Me ønskjer å ha eit auka trykk på språk. Tidlegare i år tok me ein analyse på dette feltet i barnehagen vår, og konkluderte med at me ønskjer å bli flinkare på dette feltet, grunngir Tone Krokeide, styrar i Horpestad/Steingarden barnehage, deltakinga med.

Ho var ein av tre frå barnehagen som var til stades på oppstartsamlinga.

- I dag håpar eg at me får henta både idear, tips og inspirasjon, slik at me kan fornya oss, i tillegg til å få ei større forståing av Språkløyper, seier Magnhild Nordbø, som er pedagogisk leiar.

- Språk er eit viktig felt i barnehagen, men det er eit arbeid som fort kan forsvinna i kvardagen. Derfor vil me gjerne bli meir systematiske, tilføyer kollega Siv Rosland, som òg er pedagogisk leiar.

Oppstartsamling%20Sola%20-%20Horpestad-Steingarden%20barnehage.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Magnhild Nordbø (f.v.), Tone Krokeide og Siv Rosland frå Horpestad/Steingarden barnehage.

Barneskule set pris på digitale ressursar

Blant barneskulane var Vassøy skole, 1.-7.-skulen som er minst i Stavangar, blant dei representerte.

- Språkløyper verkar veldig spennande. Lesing og skriving er eit felt me har hatt fokus på i mange år hjå oss, så dette trur eg kan gi oss endå fleire gode verktøy. Alt som kan hjelpa oss i eit slikt arbeid er interessant. Språkløyper gir oss mange ressursar digitalt, noko som er positivt, seier rektor Ole Gabriel Ueland.

Han og resten av personalet ser føre seg å starta med Språkløyper-arbeidet for fullt frå hausten av.

- Jo meir informasjon me får, jo meir tips og innfallsvinklar får ein. Ikkje minst for dei som treng det mest, er det positivt, legg spesialpedagog Marit Halvorsen til.

Oppstartsamling%20Sola%20-%20Vass%C3%B8y%20skole.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Ole Gabriel Ueland og Marit Halvorsen frå Vassøy skole.

Ungdomsskule skal satsa på lesing og skriving

Frå ungdomstrinnet var Frøyland ungdomsskule blant dei frammøtte, med to representantar som begge har norsk som fag.

- Me er veldig nysgjerrige på Språkløyper som opplegg og håpar me man få tips og idear til korleis ein kan jobba vidare med lesing, seier Guri Mæland.

- Fram til nå har me hatt ei satsing på læringsteknologi, nå skal me ha sterkare fokus på lesing og skriving. Derfor passar Språkløyper godt inn i arbeidet me skal ta fatt på, fortel Susanne Åsebø-Trodal.

Dei er begge opptatt av at lesing og skriving er kompetanse som ikkje treng vera avgrensa til norskundervisinga.

Oppstartsamling%20Sola%20-%20Fr%C3%B8yland%20ungdomsskule.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Guri Mæland og Susanne Åsebø-Trodal frå Frøyland ungdomsskule.

Vidaregåande med vidareføring

Karmsund videregående skole var aktivt inne i FYR-arbeidet, og representantane derfrå ser deltakinga i Språkløyper i lys av den erfaringa.

- Me er ein yrkesfagleg skule, og har stor nytte av denne typen prosjekt. Derfor ønskjer me å vidareføra arbeidet og tankegangen gjennom Språkløyper, seier Ketil Lyngvær, avdelingsleiar for restaurant- og matfag.

- Eg er ute etter nyttige og engasjerande metodar og strategiar, til bruk i både norsk og engelsk, seier Marianne Kolstø Hiltunen, som er lærar ved skulen.

Oppstartsamling%20Sola%20-%20Karmsund%20vgs.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Ketil Lyngvær og Marianne Kolstø Hiltunen frå Karmsund videregående skole.

Språkløyper-turnéen går nå vidare til Kristiansand, Bergen, Trondheim, Alta, Bodø og Gardermoen dei neste vekene.

Tekst og foto: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret