MENY

Kva er god lese- og skriveopplæring for dei minste?

Stipendiat Kristin Sunde ved Lesesenteret skal finna ut kva dei gjer - lærarane som er best til å læra dei yngste elevane å lesa og skriva.

Namn: Kristin Sunde

Aktuell: Eitt år som stipendiat ved Lesesenteret.

Førebels tittel: «Læreres undervisning og elevenes skriftspråklige utvikling»

Fagleg bakgrunn: Lærarutdanninga ved Universitetet i Agder, seinare mastergrad i spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Seks år som lærar ved Nylund skole, tre år ved Skeie skole. Eitt år som universitetslektor ved Lesesenteret før stipendiatperioden.

Prosjekt: Doktorgradsstudiet er ein del av Two Teachers-prosjektet ved Lesesenteret.

 

- Kva er utgangspunktet for avhandlinga di?

- Det er mange ulike faktorar som ligg til grunn for prosjektet mitt, men éin som var viktig, var interessa i fagmiljøet rundt rask progresjon i bokstavinnlæringa dei seinare åra - og ønsket derfrå om eit doktorgradsstudium om emnet. Når eg så enda opp med å bli ein del av Two Teachers-prosjektet, såg eg moglegheitene for å sjå både på både den tematikken spesifikt og undervisinga meir generelt i tillegg. Denne konkrete bakgrunnen passa godt overeins med kva eg var - og er - fagleg interessert i, òg som lærar, heilt frå starten av. Altså undervisinga, rett og slett – kva er det me gjer? – og dei kvalitative skilnadene som finst, korleis ein løyser dei ulike undervisingssituasjonane i klasserommet.

Eg tenker her at dette har noko å seia for kva barna lærer. Det er ikkje likegyldig kva ein vel å bruka tida på - noko er betre enn noko anna. Så veit ein sjølvsagt at dét har å gjera med mange andre ting enn til dømes kva oppgåver elevane får og så vidare, dette handlar om den faktoren som læraren bidrar med, korleis læringsmiljøet er og så vidare. Men sjølv om ein må sjå alt i ein samanheng, går det an å seia noko isolert om undervisinga.

- Kor langt har du kome i dette arbeidet?

- For tida held eg på med å ferdigstilla den første artikkelen i avhandlinga, der eg ser på skilnader i utvikling av skriftspråklege ferdigheiter - mellom elevar i klassar der dei har lært éin bokstav per veke og elevar i klassar der dei har lært to per veke. Her er elevane testa då dei byrja på skulen og etter første året, så dermed veit me kva dei kunne før og etter det første skuleåret. Her studerer eg om der er skilnader mellom dei elevane som har hatt éin-bokstav- og to-bokstav-progresjon i veka. Eg ser på bokstavkunnskapen, ordlesings- og staveferdigheitene til barna.

Ein tenkjer at ein raskare introduksjon av bokstavane gir betre moglegheiter for tilpassa opplæring - at barna får tatt i bruk alle bokstavane tidlegare og dermed kjem betre i gang og ser meir nytten av å læra bokstavane. Og at dei får betre tid til å repetera og bruka dei.

%C3%85%20st%C3%B8tta%20elevane%20si%20skriving.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Kva lærarar gjer og korleis dei løyser dei ulike undervisingssituasjonane i klasserommet, er eit viktig utgangspunkt for studiet, fortel stipendiat Kristin Sunde. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kva blir neste steg?

- Om ikkje lenge skal eg så i gang med å studera undervisinga i dei same klassane som det her er snakk om, for å sjå på kva anna som endrar seg i undervisinga når ein når ein går fra å introdusera ein bokstav i veka til å introdusera to. Kva endringar ser det ut til å få for andre delar av undervisinga? Mot slutten av prosjektet skal eg så – innanfor rammene av Two Teachers-prosjektet – finna nokre klassar som har hatt ei spesielt god utvikling i løpet av dei to første åra på skulen, og sjå nærare på undervisinga dei har fått i denne perioden.

- Noko som leiar naturleg over i neste resonnement, for «Kva er det dei (lærarane) gjer, dei som får det best til?» er eit spørsmål du har formulert om emnet i ein tidlegare samanheng. Vel, kva er det eigentleg dei gjer?

- Nei, det veit eg jo ikkje – ennå. Men me har mykje forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar god begynnaropplæring. Og me veit ganske mykje om kva som predikerer ei god leseutvikling, til dømes om barna kan mange bokstavar når dei byrjar på skulen. Men me veit lite om korleis dette utgangspunktet i sin tur blir forvalta eller brukt vidare når barna byrjar på skulen. Teorien og forskinga me allereie har er éin ting, men dette skal møta klasseromsituasjonen. Kva gjer dei beste lærarane her for å støtta denne utviklinga hjå barna? Her må både god undervising og gode lærarar til, lærarar som skjønar «heile pakken.» Men eg skal altså sjå på undervisinga i dette prosjektet.

- Det anar meg at denne type kompetanse, altså «det dei gjer» i klasserommet, kan vera noko vanskeleg å gripa; at det er ein slags taus kunnskap?

- Ja, den er jo det, og i tillegg er eit viktig moment her at ting heng saman. Viss til dømes barna opplever lese- og skriveopplæringa som meir meiningsfull, lærer dei kanskje meir, noko som gjer at læringa blir meir engasjerande, som igjen fører til meir ro og eit betre læringsmiljø i klassen … Det eine utelukkar med andre ord ikkje det andre; ting heng som sagt saman. Og sjølv om eg studerer undervisinga, betyr ikkje det at eg ikkje har eit blikk for at alt må forståast i ein heilskap. Det har eg erfart på godt og vondt i tida mi som lærar.

Overgang%20barnehage-skule-samling.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Me veit ganske mykje om kva som predikerer ei god leseutvikling, men me veit lite om korleis dette utgangspunktet i sin tur blir forvalta eller brukt vidare når barna byrjar på skulen, fortel Sunde. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kvifor er det viktig å forska på dette feltet?

- Vel, eg meiner jo at dette er det viktigaste som finst, sjølvsagt! Ikkje mindre …Nei, altså, for det første er jo skule og lese- og skriveferdigheiter sjølvsagt veldig viktig. Samstundes er me i ei tid der me ser at skilnadene mellom skular er større enn me har sett tidlegare. Det blir i tillegg stilt høgare krav til lese- og skriveferdigheter. Mange har ikkje gode nok ferdigheiter, dei fell utanfor, klarer ikkje å fullføra vidaregåande … heile dette perspektivet er sentralt.

Det er dessutan stor semje om at tidleg innsats er vegen å gå, at det vil løysa mange av utfordringane som ligg i skulen. Me ønskjer at færrast mogleg skal ha spesialundervising, at dei fleste skal få ei god opplæring innanfor rammene av klasserommet. Då er ei god undervising for alle eit svært viktig middel og ein grunnleggjande føresetnad for at skulesystemet skal fungera. Aukar me kvaliteten på undervisinga, får me fleire med oss og fleire får ein betre start der dei tileignar seg betre lese- og skriveferdigheiter. I tillegg - når det gjeld den stadig tilbakevendande debatten om seksåringene i skulen …

- Ja, kva med den, eller rettare sagt dei?

- Dei – seksåringane - er komne for å bli i skulen, og då trur eg me kjem lengre med å fokusera på kva som er god undervising for dei. Seksåringen er nysgjerrig, lærevillig og herleg engasjert! Dei må få erfara, utforska og prøva, slik mange førsteklasselærare er svært gode å legga til rette for. Elevane må få mange positive, relevante og meiningsfulle opplevingar knytt til lesing og skriving heilt fra starten av.

minoritetsspr%C3%A5klige.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Aukar me kvaliteten på undervisinga, får me fleire med oss og fleire får ein betre start der dei tileignar seg betre lese- og skriveferdigheiter, noko som er eit viktig premiss for studien. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Korleis har du konkret gått fram i arbeidet?

- Nå er jo dette eit kvantitativt studium, og sidan eg er ein del av eit større prosjekt (Two Teachers), bruker eg dei data-ane som blir samla i dette prosjektet - individuell kartlegging av lese- og skriveferdigheitene til elevane. I tillegg har me mykje informasjon om undervisinga til lærarane, ved at dei har svart på eit ganske omfattande spørjeskjema. Eg har med andre ord ikkje trengt å reisa ut å gjera eige feltarbeid og liknande, studiet handlar meir om å gjera analyser ut frå datamaterialet. I arbeidet har det å orientera seg i feltet og litteraturen vore ein viktig del. Analysearbeidet er ganske omfattande og kan gjerast på ulike måtar, og dermed må ein finna måten som passar best til materialet. Å tilnærma seg datamaterialet statistisk har dessutan vore ei stor utfordring. Både ei bratt læringskurve og noko svært spennande.

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- Eg synest det er veldig spennande å få jobba så fagleg med noko som eg òg har gjort så mange gonger i praksis. I tillegg er Lesesenteret eit svært spennande fagmiljø, og ettersom eg ønsker å arbeida med denne tematikken framover, kan det då vera ein fordel å ta ein doktorgrad. I tillegg var det konkrete prosjektet spennande, det var noko som passa meg godt og som eg har hatt ei interesse for lenge. Ein annan viktig motivasjon – som er grei å ha når ein sit på kontoret og «stangar hovudet i veggen» - er at eg har stor tru på prosjektet. Eg har tru på at det eg finn ut, kan bidra på ein positiv måte til praksisfeltet. Dét er nok den aller største motivasjonen for å gjera dette.

Nynorsk%20ungd.sk.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Eg har tru på at det eg finn ut, kan bidra på ein positiv måte til praksisfeltet, seier stipendiat Kristin Sunde ved Lesesenteret. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kva er fengande med feltet du forskar på?

- Det er jo det kjekkaste som finst - å læra ungar å lesa og skriva, enkelt og greitt! Eg kan i alle fall ikkje tenka meg noko anna som er kjekkare. Å kunne bidra til at det blir gjort på ein endå betre måte, slik at barn lærar meir og opplever lesing og skriving som noko dei likar å halda på med … viktigare enn dét kan det jo ikkje bli! Så eg må seia eg rett og slett er misunneleg kvar haust, når eg ser lærarar skal ta imot førsteklassingar. Då kjenner eg at det rykker litt i «lærarfoten» igjen … Dei er heldige, som får gjera dét, sjølv om det er ein ganske intensiv jobb.

- Kva oppdagingar har du gjort undervegs, som har vore overraskande eller uventa?

- At ting tar veldig lang tid. Og at alt som er sagt av dei som har gjort dette før meg - om korleis ein kjem til å oppleva dei ulike fasane av eit løp som dette – har vist seg å stemma. Så det er nok nokre erfaringar som er felles for dei fleste stipendiatar. Og så er det litt rart å oppleva at jo meir ein les, jo meir ein lærer, jo meir usikker kjenner ein seg på enkelte område. Ein innser kor mykje kunnskap som finst der ute, kor mykje ein må læra for å forstå dette feltet fullt ut. Ein får ein enorm respekt for dei som skal gjera denne jobben i praksis – lærarane – som ikkje har den same moglegheita til å fordjupa seg i faget på same måten. For det er ingen enkel jobb, mange faktorar speler inn.

Two%20Teachers-utlysning.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Gjennom studiet får ein enorm respekt for dei som skal gjera denne jobben i praksis – lærarane – som ikkje har den same moglegheita til å fordjupa seg i faget på same måten. For det er ingen enkel jobb, fortel stipendiat Kristin Sunde. (Illustrasjonsfoto: Elisabeth Tønnessen)

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg har eigentleg ganske store ambisjonar på vegner av prosjektet. Eg håpar at fleire lærarar kan ha ei undervising i begynnaropplæringa i lesing og skriving som er betre fundert på kunnskap om kva som er god undervising. Som på lengre sikt kan føra til at fleire elevar får betre ferdigheiter og opplever undervisinga som meir meiningsfull og engasjerande. Og eg håpar at det eg finn ut kan skapa debattar og samtalar på lærarromma og arbeidsromma. At lærarar ved å lesa det eg har gjort kanskje stiller spørsmål om kvifor dei vel å gjera undervisinga på den eller den måten. Her finst ikkje eitt korrekt svar, det handlar om å vera bevisst og reflektera rundt kva som er målet: Kva det er meininga barna skal læra, og korleis når ein det målet? I tillegg finst der lite forsking om dette emnet frå Noreg, og dermed håpar eg dette arbeidet kan bidra inn mot eit lite undersøkt felt i norsk samanheng.

- Korleis er det å ta ein doktorgrad ved Lesesenteret?

Veldig fint. Ein stor fordel og veldig inspirerande å få vera ein del av eit stort prosjekt, og eit utviklande og framoverlena miljø som Lesesenteret er. Her er der alltid nokon ein kan spørja om hjelp, og som ønsker å hjelpa deg. Det er inspirerande å jobba med så mange flinke folk og sjå kva andre får til. Då har ein noko å strekkja seg etter.

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

- Ja, det er eit godt spørsmål … Kva eg skal gjera når eg er ferdig, er eg rett og slett litt usikker på akkurat nå. Eg håpar likevel at eg skal få lov til å jobba med noko som er relatert til det eg held på med i dag – eg kunne gjerne ha tenkt meg å førelesa eller på liknande måtar møtt studentane på lærarutdanninga. Der har ein moglegheit for å gjera ein forskjell for dei som skal ut i yrket, påverka undervisinga til elevane frå den sida. Så ser eg òg at der kjem problemstillingar i forlenginga av dette prosjektet, som kunne vore interessante å ha følgt opp. Så saknar eg jo elevane, og tenkjer nokre gonger at det hadde vore kjekt å vore tilbake i skulen òg. Kva form det eventuelt blir, og om det blir noko av i det heile tatt, veit eg ikkje. Uansett trur eg det kan vera viktig å halda kontakten med skulen, vera tett på, i alle fall i periodar, gjennom ulike typar samarbeid.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret
Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Stipendiatintervjuet: Flyt kan vera vel så viktig som staving Det som verkar inn på kvaliteten i ein elevtekst, er ikkje nødvendigvis om orda blir skrivne rett eller gale. Vibeke Rønneberg har undersøkt kva merksemd på enkeltord har å seia for å utvikla innhald og idear.

Stipendiatintervjuet: Litteraturfagets plass i skolen Noen mener at litteraturarbeidet i skolens norskfag er og bør være noe helt annet enn i høyere utdanning og akademia. Men Aslaug Fodstad Gourvennecs ph.d.-arbeid viser at skoleelever må få jobbe med litteratur på en måte som tilhører faget.

Stipendiatintervjuet: Le@rning by blogging Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at skulen kan gi viktige tilskot til læring gjennom systematisk bruk av digitale hjelpemiddel. Sjølv meiner han at forskarar bør blogga meir.

Kva er god lese- og skriveopplæring for dei minste?

Kristin Sunde (Foto: Elisabeth Tønnesen)