MENY

Her er dei 17 nye språkkommunane

Sjå kven som i år har fått tildelt statusen språkkommune av Kunnskapsdepartementet, som del av Språkløyper-strategien.

Kunnskapsdepartementet offentleggjorde i dag lista over dei 17 nye kommunane som er utnemnde til språkkommunar.

Desse er:

Marker

Grue

Ringebu

Lier

Drangedal

Skien

Lillesand

Osterøy

Sund

Molde

Nesset

Leka

Hadsel

Dønna

Leirfjord

Sømna

Kvæfjord

Dette er tredje runde med språkkommunar-utnemningar, og tilsaman 72 norske kommunar og fylkeskommunar har blitt tildelt denne statusen - som er ein del av Språkløyper-strategien til regjeringa.

Dei nye kommunane får tildelt ein pott på tilsaman 17 millionar kroner til bruk i det språklege utviklingsarbeidet.

Kommunene er valde ut på bakgrunn av result frå nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar, kompetanseutviklingsbehov, elevundersøkinga og statistikk knytt til stillingar i barnehagen, gjennomføring i vidaregåande opplæring og andel minoritetsspråklege.

Strand%20spr%C3%A5kkommune%203.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Strand kommune i Rogaland blei utnemnd til språkkommune i fjor, og har ved hjelp av Språkløyper-strategien tatt eit krafttak for betre lese- og skrivekunnskapar i kommunen. (Foto: Leif Tore Sædberg)

For mange les og skriv for dårleg

- Mange barn les og skriv for dårleg. Difor er det viktig med tidleg innsats, og å gi lærarar og barnehagelærarar betre kompetanse slik at dei finn nye og gode løysingar for å styrka språkarbeidet, uttaler kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Resultata frå nasjonale prøvar i lesing hausten 2017 viser ei betring frå året før, men framleis er 20 prosent av jentene og 27 prosent av gutane på 5. trinn på det lågaste meistringsnivået i lesing og skriving.

Mange av kommunane som deltar i Språkløyper-satsinga har ein etter måten stor del minoritetsspråklege elevar med svake norskkunnskaper, heiter det vidare i pressemeldinga.

- Språket er nøkkelen til å bli godt integrert, og særleg viktig for at barn med innvandrarbakgrunn skal lykkast like godt som andre barn i skulen. Med språkkommunar skal kommunane ta tak i sine lokale utfordringar, og sjå heile læringsløpet barna har frå barnehage til vidaregåande i samanheng, seier Sanner.

Nordfjord.JPG%20%28rw_largeArt_1201%29

Sju kommunar i Nordfjord-regionen gjekk saman om å søka språkkommune-status, og fekk ja på søknaden i fjor. Her er representantane samla på oppstartsamling. (Privat foto)

Midlar skal gå til faglege nettverk

Utdanningsdirektoratet, som har vald ut kommunane, legg vekt på at språkkommunene har ei systematisk og heilskapleg satsing på språk, lesing og skriving i barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular og klare mål for dette arbeidet.

Dei 17 millionar kronene som er sett av skal gå til å etablera og drifta lokale faglege nettverk og frikjøpa ressurslærarar.

Lærarar i skule og barnehage skal delta i desse nettverka for å utvikla nye måtar å jobba med språk i barnehage og skule. Dei får òg fagleg støtte undervegs frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

Språkkommunar er eitt av tre verkemiddel i Språkløyper-strategien; dei to andre er Språkløyper-nettsida sine digitale, gratis ressursar og oppstartsamlingane, som gir innføring i desse.

Les òg:

Fjaler, Gulen og Hyllestad har samarbeida som språkkommunar Å vere språkkommune gjev høve til å få eit skikkeleg fokus på språkarbeidet og systematisk og heilskapleg utviklingsarbeid, seier utviklingsleiar Åsmund Bertelsen.

Språkkommunen Nærøy har fått flere aha-opplevelser og ny bevissthet - Vi har lært veldig mye, både om oss selv og hvordan vi kan arbeide systematisk over tid, sier oppvekst- og kultursjef Kirsti Sandnes Fjær.

Språkkommunen Hammerfest er glad for struktur og raud tråd - Det hjelper med å setje arbeidet i system og sikrar kvalitet, seier pedagogisk konsulent Trine Hansen om å vera språkkommune.

Å bli språkkommune har auka motivasjonen i Sykkylven - Vi lærer på alle nivå og blir forplikta til å følgje opp, seier skulefagleg rådgjevar Monica Hjelmevoll om satsinga.