MENY

FYR er over nasjonalt, men lever vidare lokalt

Nå overtar fylkeskommunane og skulane i den nye fasen, der dei vidareførar arbeidet med kompetanseutvikling, nettverksbygging og utvikling av undervisingsressursar.

Lærar med elevar som rekker opp hendene 1 .oktober er fristen for å melda seg på til seminaret som markerer overgangen til den nye fasen i FYR-prosjektet.

Første fase av FYR-prosjektet (fellesfag, yrkesretting og relevans) blei etter fem år med intensiv aktivitet sluttført ved utgangen av 2016.

Nå går arbeidet over i ein ny fase, der fylkeskommunane og skulane vidareførar arbeidet lokalt.

Lesesenteret, Skrivesenteret og Fremmedspråksenteret skal bistå desse gjennom nettbaserte ressursar i Språkløyper, og i samband med overgangen blir det arrangert seminar (sjå nedst i artikkelen).

Les òg: Slik blir det jobba med Språkløyper i vidaregåande

Meir samarbeid og dialog

Ingeborg Margrete Berge, universitetslektor ved Lesesenteret, har leia Lesesenterets arbeid med FYR dei seinare åra. Ho har vore ein del av arbeidsgruppa, leia av Utdanningsdirektoratet, som saman med Naturfagsenteret, Fremmedspråksenteret, Matematikksenteret og Skrivesenteret har arrangert nasjonale FYR-skoleringar i Oslo dei siste tre åra.

- Kva vil du trekkja fram som positivt frå FYR-prosjektet dei første fem åra?

- Noko av det viktigaste for meg har vore at FYR-prosjektet fekk yrkesfaglærarar og fellesfaglærar til å samlast til felles skolering. På sikt la det til rette for meir samarbeid og dialog mellom yrkesfaglærarane og fellesfaglærarane for å styrka opplæringa for felles elevar. Me veit at skular som lykkast blant anna er kjenneteikna av å ha lærarar som samarbeider. Me veit òg at lærarar som samarbeider utviklar ei rikare forståing av pedagogisk praksis og at dette igjen kjem elevane til gode. Me har sett gode døme på slike samarbeid i «ressursutviklingsøkta» som var del av programmet for kvar einaste nasjonale FYR-skolering. Då sat fellesfag- og yrkesfaglærarane saman og utvikla felles opplegg som var yrkesretta og relevante. Vidare har FYR i sett i gang viktig tverrfagleg samarbeid på den enkelte skulen. Eg trur óg det har ført til eit auka medvit om at grunnleggande ferdigheiter er noko alle lærarar har ansvar for.

- Kvifor er det viktig for skular og fylkeskommunar å arbeida vidare med FYR?

- Sjølv om dei nasjonale skoleringane i FYR er avslutta, er det viktig at skulane arbeider vidare lokalt. Det er viktig at elevane på yrkesfag opplever opplæringa som relevant og at arbeidet med å styrka dei grunnleggande ferdigheitene held fram. Det kan førebyggje fråfall i vidaregåande skule og gi ei betre opplæring for elevane. Då må skulen halda fram med å utvikla gode samarbeid lokalt.

- Korleis kan fylkeskommunar og skular vidareføra arbeidet med yrkesretting og relevans best mogleg på lokalt plan?

- Det finst ikkje eitt svar på dette, men mange … Lesesenteret og Skrivesenteret vil visa til at Språkløyper kan støtta det lokale kompetanseutviklingsarbeidet. Her finst ressursar på nett til fri bruk for vidaregåande skule - både knytt til god lese- og skriveopplæring i alle fag i vidaregåande, ressursar til arbeid med språk i yrkesfagleg programområde, som Design og håndverk og Helse- og oppvekstfag og ressursar til norsk på yrkesfag (som kjem i 2018).

Les òg: Språkløyper gir det faglege samarbeidet som vidaregåande og ungdomsskule har sakna

Inviterer til seminar

1 .oktober er fristen for å melda seg på til seminaret som markerer overgangen til den nye fasen i FYR-prosjektet.

Seminaret på Gardermoen 4. desember er for skuleleiarar som har ansvar for oppfølging av FYR og for lærarar i programfag, engelsk og norsk.

Du kan lesa meir om FYR-seminaret (PDF) og melda deg på via denne lenka.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Foto: Getty

Les òg:

Derfor er lesing og skriving viktig også i design og håndverk Håndverksfagene har hatt en sterk muntlig tradisjon, men den teknologiske utviklingen øker kravene til gode lese- og skriveferdigheter også her.

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera? Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.

 

UiS logo