MENY

Fleirspråklege elevar har framgang i leseresultat

Framleis gjer fleirspråklege elevar det noko svakare enn dei einspråklege i Noreg. Men begge gruppene har ei positiv utvikling, og det er grunn til optimisme, viser doktorgradsarbeidet til Olaug Strand.

Namn: Olaug Strand

Aktuell: Midtvegs i doktorgradsarbeidet.

Førebels tittel: «Flerspråklige elevers leseferdigheter på grunnskolenivå.»

Fagleg bakgrunn: Cand. philol med hovudfag i historie. Har undervist fleirspråklege ungdommar og vaksne i norsk, samfunnsfag og historie i snautt ti år. Har òg skrive lærebøker for denne målgruppa.

Prosjekt: Doktorgradsarbeidet er knytt til den internasjonale leseundersøkinga PIRLS.

 

- Kva er utgangspunktet for avhandlinga di?

- Utgangspunktet er å undersøka leseferdigheitene til fleirspråklege elevar på grunnskulenivå; om dei resultatmessig heng med i lesing. For å finna nokre svar på dette, bruker eg data frå den internasjonale leseundersøkinga PIRLS, som undersøker leseferdigheitene til elevar på 4. og 5. trinn. Me får mykje informasjon frå denne undersøkinga, og det er særleg ferdigheita leseforståing som står sentralt.

- Dei fleirspråklege elevane utgjer langt i frå ei homogen gruppe, og i avgrensinga mi tar eg utgangspunkt i eleven sitt språkmiljø heime, men statistisk er der fleire måtar å gjera dette på. Eg ønsker i avhandlinga mi å problematisera og utfordra den gruppeinndelinga som gjerne blir gjort i rapporteringar og studium, særleg i kvantitative storskala-studium, av fleirspråklege elevar. For å spegla røyndomen er det viktig for meg å unngå eit svart-kvitt-bilete.

 

- Kva har du funne ut så langt?

- Det første forskingsspørsmålet mitt var å undersøka om PIRLS framleis dokumenterte prestasjonsforskjellar i lesing mellom einspråklege og fleirspråklege. Noko den siste undersøkinga (frå 2016) stadfestar. Framleis er det altså slik at fleirspråklege elevar på 4. og 5. trinn i norsk skule i gjennomsnitt presterer svakare enn sine einspråklege klassekameratar. Prestasjonsforskjellane er òg dokumentert i dei føregåande PIRLS-undersøkingane, som strekker seg over ein 15 år lang periode. Den same tendensen ser me óg i dei andre nordiske landa; Sverige, Danmark og Finland.

Nynorsk%20ungd.sk.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Framleis presterer fleirspråklege elevar på 4. og 5. trinn i norsk skule i gjennomsnitt svakare enn sine einspråklege klassekameratar, men begge grupper gjer det betre enn tidlegare, viser avhandlinga til Olaug Strand (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Men du har òg funne positive tendensar?

- Ja, det positive med 2016-undersøkinga er at både einspråklege og fleirspråklege norske elevar gjer det betydeleg betre her enn i føregåande rundar. Det ser òg ut til at skilnadene mellom desse ein- og fleirspråklege ser ut til å minka noko på 5. trinn. Når me samanliknar med dei andre nordiske landa, er det berre dei finske, fleirspråklege elevane som – så vidt – gjer det betre enn dei norske.

 

- Kvifor er det viktig å forska på dette feltet?

- I norsk grunnskule har omtrent 16 prosent av elevane innvandrarbakgrunn, både norskfødde og utanlandsfødde. I tillegg er der mange elevar som er funksjonelle på eitt eller fleire andre språk enn berre norsk, sjølv om dei kanskje er fødde og oppvaksne i Noreg. Lesing er ei heilt grunnleggjande ferdigheit ein må meistra dersom ein skal greia seg på viktige livsområde som utdanning og arbeidsliv i eit moderne kunnskapssamfunn. Derfor er det så viktig å ha kunnskap om korleis norsk skule greier å ivareta og imøtekomma leseopplæring til fleirspråklege barn.

- Forsking har óg vist at gode leseferdigheiter har betydning for god helse. Me kan ikkje risikera at ei stor gruppe barn og unge hamnar på sidelinja fordi dei ikkje meistrar norsk på eit tilfredsstillande nivå. Difor er det utruleg viktig å følgja med på korleis fleirspråklege barn klarer seg i blant anna lesing. At me framleis ser ein systematisk prestasjonsforskjell, meiner eg representerer ei utdanningspolitisk utfordring. I tillegg er det nyttig å få denne informasjonen så tidleg i utdanningsløpet som ved tiårsalderen, då det framleis er gode moglegheiter for å identifisere og følgja opp elevar som har sakka akterut med leseutviklinga.

 

- Korleis har du konkret gått fram i arbeidet?

- Eg har lese mykje bakgrunnslitteratur og resultat frå andre studium, både storskala-undersøkingar og mindre studium. Så freistar eg å bruka dei rette analysemetodane som kan gi meg svar på forskingsspørsmåla mine. Det er eit krevjande og nytt felt for meg. Då data-ene var klare i september 2017, var det utruleg spanande å endeleg få ta fatt på analysearbeidet. Det er ei omfattande undersøking med, frå Noregs del, omtrent 8600 elevrespondentar, i tillegg til informasjon frå føresette, lærarar og rektorar.

- I desember 2017 publiserte me (Lesesenteret) ein antologi med 12 artiklar som presenterte leseresultat frå PIRLS 2016. Eg bidrog på to av desse artiklane. I tillegg fikk eg høve til å snakka om resultata til dei fleirspråklige elevane på den store PIRLS-konferansen for lærarar i samband med lansering av resultata. Det tykte eg var stor stas.

minoritetsspr%C3%A5klige.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

I norsk grunnskule har omtrent 16 prosent av elevane innvandrarbakgrunn, både norskfødde og utanlandsfødde. I tillegg er mange elevar funksjonelle på eitt eller fleire andre språk enn berre norsk, sjølv om dei kanskje er fødde og oppvaksne i Noreg. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- Eg trur det er rettare å seia at eg hadde eit ønske å gjera noko meir på feltet norsk som andrespråk, eller i alle fall å jobba meir med tematikk innanfor fleirspråklegheit og mangfald. Dette er vide omgrep som ein kan gripa an frå fleire vinklar, og det er òg eit kryssingsfelt mellom fleire fagfelt. Doktorgraden min er plassert under utdanningsvitskap, noko som passar fint, ettersom konteksten er resultata til fleirspråklege elevar i ein skulesamanheng.

 

- Kva oppdagingar har du gjort undervegs, som har vore overraskande eller uventa?

- Ei oppdaging me har gjort i pre-analysane våre er at sosial bakgrunn framleis betyr mykje for resultata i lesing. Me ser altså systematiske skilnader i prestasjonar mellom elevar som kjem frå såkalla heimar med mange ressursar og elevar som kjem frå heimar med færre ressursar. Det overraska meg litt at forskjellane framleis var så markante i norsk skule, og eg tenker at her har me ei utfordring. Sjølv om ein ikkje ut frå dette datagrunnlaget kan seia noko om årsakssamanhengar, er det mogleg å peika på tilhøve som har betyding for leseferdigheit. Me ser her at sosial bakgrunn har betyding for leseferdigheit, det same har til dømes motivasjonsfaktorar som leseinteresse. Desse samanhengane er gjeldande både hjå fleirspråklege og einspråklege elevar.

 

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg ønsker at avhandlinga mi skal visa noko av den kompleksiteten som ligg i å rapportera og forska på leseprestasjonane til fleirspråklege elevar. Eg håpar arbeidet på lengre sikt kan tilføra fagfelt som jobbar med fleirspråklegheit kunnskap som gjer at me i endå større grad som forskarar, lærarar, skulepolitikarar og skulestyresmakter kan bidra til å løfta opplæringa av fleirspråklege elevar. Det hadde vore kjekt om arbeidet mitt kunne vore eit bidrag til praksisfeltet. Eg håpar det kan føra til større forståing for dei mange mekanismane som påverkar leseferdigheitene til fleirspråklege elevar.

Evnerike%20elevar.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

- Eg ønsker at avhandlinga mi blant anna skal visa noko av den kompleksiteten som ligg i å rapportera og forska på leseprestasjonane til fleirspråklege elevar, seier stipendiat Olaug Strand. (Illustrasjonsfoto: Getty)

- Korleis er det å ta ein doktorgrad ved Lesesenteret?

- Eg opplever at me har eit veldig godt, kollegialt miljø ved Lesesenteret. Det er svært givande å få jobba med så mange flinke, inspirerande og rause menneske. Eg vil tru at å ta ein doktorgrad er fagleg og mentalt krevjande uavhengig av kor ein sit og kva ein forskar på, men det hjelper med gode folk rundt seg, som vil ein vel. Dessutan er det eit privilegium å få jobba konsentrert med eit felt ein brenn for.

 

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

Først og fremst ønsker eg å koma i mål med arbeidet mitt. Eg er nå, ganske nøyaktig, halvvegs ifølgje tidskjema. Eg veit ikkje kva som kjem etterpå. Dersom det finst eit liv etter ein ph.d., trur eg at ønsket må vera at eg framleis skal få lov til å vera med på å utvikla feltet for opplæring av fleirspråklege elevar. Det er eit viktig arbeid for skulen og samfunnet i framtida. Eg håpar elles at ph.d.-tida gir meg ein kompetanse som set meg i stand til å jobba vidare med forsking.

 

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Olaug Strand, Åse Kari H. Wagner og Njål Foldnes: Flerspråklige elevers leseresultater Artikkel i Klar framgang! Leseferdighet på 4. og 5. trinn i et femtenårsperspektiv. Egil Gabrielsen (red.)

Stipendiatintervjuet: Kva er god lese- og skriveopplæring for dei minste? Stipendiat Kristin Sunde ved Lesesenteret skal finna ut kva dei gjer - lærarane som er best til å læra dei yngste elevane å lesa og skriva.

Stipendiatintervjuet: Le@rning by blogging Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at skulen kan gi viktige tilskot til læring gjennom systematisk bruk av digitale hjelpemiddel. Sjølv meiner han at forskarar bør blogga meir.

Stipendiatintervjuet: Flyt kan vera vel så viktig som staving Det som verkar inn på kvaliteten i ein elevtekst, er ikkje nødvendigvis om orda blir skrivne rett eller gale. Vibeke Rønneberg har undersøkt kva merksemd på enkeltord har å seia for å utvikla innhald og idear.

Olaug Strand

Olaug Strand (Foto: Elisabeth Tønnessen)