MENY

Disputas om blogging i undervisninga

15. juni disputerer Arne Olav Nygard for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Stavanger.

Han forsvarar avhandlinga Digital Literacy Practices in Education. An Investigation of the Use of Blogs in a Norwegian High School.

Betingelsane for deltaking endrar seg gjennom bruken av blogg

Avhandlinga undersøker korleis elevar i ein klasse og læraren deira brukar bloggar som eit literacy-verktøy i alle aktivitetane i eit fag i løpet av eit skuleår. Avhandlinga består av tre artiklar som kvar undersøkjer ulike aspekt av klasseblogginga, frå observasjonar av klasseromsaktivitetane og elevanes eigne tankar og erfaringar med bloggane til diskursive og språklege trekk ved bloggtekstane.

Hovedfunna i avhandlinga er at betingelsane for deltaking endrar seg gjennom bruken av blogg i denne klassen, og det er indikasjonar på at elevane sin autoritet og myndigheit styrkjer seg både på eit diskursivt og eit språkleg nivå. I tillegg viser avhandlinga at skulen og læraren, trass i myter om elevane som særleg digitalt kompetente, har mykje å bidra med i den digitale danninga av elevane.

Velkommen til disputas

Professor Atle Skaftun ved Lesesenteret, UiS, har vore hovedveiledar. Professor Per Henning Uppstad ved Lesesenteret, UiS, har vore biveiledar.

Alle interesserte er velkomne!
Tid: Torsdag 15. juni kl 10 (prøveforelesning) og 12 (disputas).

Sted: Arne Rettedals Hus, Ø-130, Universitetet i Stavanger.

Kunngjering for disputas.

Arne Olav Nygard

Arne Olav Nygard (Foto: Elisabeth Tønnessen)