MENY

Denne skal skapa kjønnsdebatt på lærarrommet

Rosa eller lyseblå lesing? Eller berre lesing? Kjønnsroller og skriftkultur blir presentert på utradisjonell måte i ny ressurs frå Språkløyper.

Gut og jente les Det er på sin plass med ei bevisstgjering om korleis vi tenkjer om relevansen av kjønn når det gjeld lesing, heiter det i innleinga av Gutar og jenter og lesing. (Foto: Getty)

Temaet kjønnsroller har ein tendens til å skapa høg temperatur i det offentlege ordskiftet, og nå kastar Lesesenteret og Språkløyper seg inn i debatten. Om enn på ein edrueleg og kunnskapsbasert måte.

Les òg: Her er dei 28 nye språkkommunane

Blogg-tekstar skal skapa engasjement

Språkløyper-pakken Gutar, jenter og lesing - mynta i første rekkje på barnetrinnet - er nemleg nå klar til bruk i dei tusen lærarrom.

Den nye kompetanseutviklingspakken tar tak problemstillingar kring lesing og kjønn, på ein for Språkløypers del utradisjonell måte.

For medan dei andre ressursane vekslar mellom blant anna fagvideoar, refleksjonsoppgåver og gruppearbeid, blir denne varme poteta tematisert gjennom tre blogginnlegg frå personar med solid kunnskap om denne tematikken.

Dei tre «bloggarane» er førstelektor Brita Strand Rangnes, førsteamanuensis Ingrid Nielsen og doktorgradsstipendiat Trine M. Gilje, tilhøyrande Universitetet i Stavanger/Lesesenteret.

Les òg: Lær å bruke drama i språkopplæringen

Treng ikkje tenkja kjønn rundt lesing

 «Man leser med øynene, ikke med underlivet. Derfor bør heller ikke utdanningssystemet ta utgangspunkt i det vi har under beltestedet, men i det vi har mellom ørene. Dette er en appell – om ukjønnet leseundervisning,» skriv Gilje i innleiinga av teksten sin.

Det ligg ein medviten tankegang bak valet om ein – i Språkløyper-universet – utradisjonell formidlingsform

«All god lese- og skriveopplæring slik ho blir presentert i kompetanseutviklingspakkane er god for både gutar og jenter. Ulike tilnærmingsmåtar når det gjeld dei to kjønna kan vi ikkje leggje fram. Likevel er det på sin plass med ei bevisstgjering om korleis vi tenkjer om relevansen av kjønn når det gjeld lesing,» heiter det i innleiinga til pakken.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Les òg:

Derfor er lesing og skriving viktig også i design og håndverk Håndverksfagene har hatt en sterk muntlig tradisjon, men den teknologiske utviklingen øker kravene til gode lese- og skriveferdigheter også her.

Språkvanskar hjå skulebarn – kva kan du gjera? Språkløypers nye kompetanseutviklingspakke gir deg svar dersom du uroar deg over elevar i klassen som ikkje tileignar seg språk som vanleg.

Slik lukkast du med nynorsk som sidemål på ungdomstrinnet Jau, vi kan! Denne nye Språkløyper-pakken og høgskulelektor Hjalmar Eiksund har råda du som lærar treng for å gi undervisinga ein ekstra boost.

UiS logo