MENY

Lesing og skriving på tvers av fag

Ressurspakka i praksis: lesing og skriving på tvers av fag er ei samling med 4 filmar om lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter.

Filmane syner undervisning på ulike trinn i grunnskule og vidaregåande skule og i faga RLE, samfunnsfag, naturfag, matematikk, norsk, TIP/sveising og sosiologi og sosialantropologi.

Målgruppa for filmane er lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og studentar. Filmane skal inspirere til å sjå større moglegheiter i faget og til å tenkje nytt rundt eigen undervisningspraksis. Bruk filmane som utgangspunkt for fagdiskusjonar på fellesmøtet, i lærarteamet og fagseksjonen eller til sjølvstudium.

Filmane er laga av Snøball Film i samarbeid med Nynorsksenteret, Lesesenteret og Skrivesenteret.

Du kan sjå filmane på nettstaden skoleipraksis.no