MENY

Lesing og skriving

I sjukehusleiken er skrifta ein naturleg del av leiken. Skrifta har ein nødvendig funksjon. Forsking syner at når skrifta har ein funksjon, ei meining i leiken, så aukar lese- og skrivekompetansen deira (Christie i Brostrøm 2002). Mange peikar dessutan på skriving som ein naturleg veg inn i lesinga (Chomsky i Austad 1991).

Det har dessutan blitt hevda at skriving er ein enklare prosess enn lesing. Når eleven skriv, kan han mellom anna gjera seg ferdig med ein lyd- eller bokstav-kombinasjon om gongen, han slepp å halda mange lydar i korttidsminnet samstundes (Austad 1991, s. 41).

Skriftspråkstimulerande leik kan såleis stimulera sjølve leseprosessen. Fem- til sjuårsalderen er dessutan ein god alder for arbeid med skriftspråkstimulerande leik fordi elevane har føresetnader for å skriva seg inn i lesinga, nettopp fordi dei då kan forma bokstavar og for at dei då er motiverte for å knekkja den alfabetiske koden (Hagtvet 2002, s. 374).

Skriftspråkstimulerande leik kan altså læra elevane noko om funksjonen skrifta har og gjera koplinga mellom lyd og  bokstavar tydelegare.

Gjennom skriftspråkstimulerande leik slik det er skissert ovanfor, kan elevane få ei naturleg interesse for lesing og skriving nettopp gjennom leik, men med ein tydeleg vaksen pådrivar. Det siste har kanskje ikkje vore tydeleg nok presisert dei siste åra. Leik har vore jamgodt med barn sin frie leik utan at vaksne blandar seg inn.

Å nytta skriftspråkstimulerande leik på den måten som det her er skissert, gir rom for både leik og tilpassa skriveundervisning.