MENY

Språk og rørsle

- eit aktivitetsforslag med utgangspunkt i bildeboka Unni og Gunni reiser.

Kort om bildeboka
Unni og Gunni skal reise på tur med det flygande teppet sitt. Dei pakkar alt dei treng til turen og navigerer etter magekjensla. Dei reiser både opp og ned, framover og bakover, heilt til dei finn ein stad som er perfekt.

Opplegg
Førebu deg godt. Les boka, øv deg på førehand. Kva treng me å ha med oss når me reiser på ferie? Samtal med barna. Hald fram boka: Nå skal me på tur.

I stor gruppe: Alle barna må stå på golvet med ansiktet vendt mot den vaksne. Den vaksne viser det som skal skje gjennom rørsler. Barna hermar. Dei flyg opp med eit høgt hopp, dei fly høgt på tå, og lågt med bøygde kne. Gjennom rørslene følgjer me Unni og Gunni på deira reise.

I lita gruppe: Ta med eit teppe. Barna og den vaksne set seg på det flygande teppet. Start lesinga og reisa. Kva kan me sjå? Korleis kjennest det ut å fly rundt og rundt, og over ein vulkan? Lev dykk inn i teksten, leik, og del tankar og kjensler med kvarandre.

Etterpå
Boka kan inspirere til vidare leik. Bruk gjerne enkle rekvisittar. Eller kva med å ta fram kartet, eller globusen og la den styre reisa, i staden for magekjensla?

Neste gong
Boka om Unni og Gunni kan brukast fleire gonger, både i samlingsstund og i små grupper. Det finst dessutan fleire bøker om Unni og Gunni.  

Last ned tekst som illustrert pdf-versjon


 

 

UiS logo
Faksimile: Unni og Gunni reiser