MENY

Repetert lesing er språkstimulerande

I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen, og til glede for barna finn dei vaksne nye og spennande måtar å fortelja historia på.

Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine. Eit godt døme på repetert lesing er arbeidet med boka Mopp og Mikko elskar dyr i Ølensjøen FUS barnehage.

I denne filmen får me sjå og høyra om korleis boka blir levande gjennom dramatisering og bruk av konkretar.
 
 

UiS logo