MENY

Pinnemannen «Knut»

- Ein språkstimulerande pinne i Ølensjøen FUS barnehage.

Me har utedag i barnehagen og litt av kvart står på programmet. Me skal høyra eventyret om «Løva og musa», og etterpå skal me jakta på ulike dyr i skogen. Me gleder oss alle til jakta. Tenk om me finn musa og løva frå eventyret, og andre dyr som lever i skogen! «Ja, for løvene lever nemlig i skogen her», seier Olai.

Etter å ha jakta på dyr, bevega oss som dyr og laga dyrelydar, er det tid for kakao og peparkaker. Mens me sit og pratar om det me har opplevd høyrer eg plutseleg nokon som ropar. «Hysj, eg høyrer noko, det er nokon som ropar, nokon som vil ut» seier eg. «Kva kan det være då?» Eg er like overraska som vanleg. Då kjem det raskt og ivrig frå Olai; «Det er sikkert Knut.» Ja, sjølvsagt er det Knut som vil ut, han har høyrd at me har prata om så mykje spennande, og nå kan han til og med lukta kakaoen vår.

Eg tek han ut av sekken og Knut byrjar å spørja oss om alt mogleg med ein gong. Selma vil fortelja først og fortel at me både såg og høyrde løvene, og me såg mange mus, og. Tiril vil fortelja at me har fått kakao og peparkaker. Olai viser plasteret sitt til Knut, og dermed er me i gang med ein lang dialog med pinnemannen.

Pinnemannen Knut er ein sentral figur i barnehagekvardagen og ein viktig del av det daglege språkarbeidet. Alle barna veit godt kven Knut er, og at han bur i tursekken. Dei veit og at han alltid ropar at han vil ut. Nede i den mørke sekken har han ikkje fått med seg noko av det som har skjedd og nysgjerrig som han er, ber han barna fortelja.

Viktig med språkstimulering
Språkstimulerande arbeid har i fleire år vore eitt av fleire satsingsområde Ølensjøen FUS barnehage har valt å jobba med. Ei god språkutvikling er viktig for barn både på kort og lang sikt. Evna til å bruka språket er avgjerande for å kunna kommunisera med andre, setja ord på erfaringar og opplevingar og kunne bruke språket i leik med andre barn. God språkstimulering er ein viktig del av det som skjer i barnehagen.

Samtale om opplevingar, tankar og kjensler er viktig for utvikling av eit godt språk. Det er viktig at me vaksne er bevisste på vår eigen språkbruk. Det inneber at me brukar språket aktivt i alle kvardagssituasjonar, at me set ord på ting me gjer og ting me omgir oss med. Høgtlesing, forteljing, rim og reglar, rytme, song og musikk er gode språkstimulerande aktivitetar. Rammeplanen understrekar også dei vaksne si rolle; «At vaksne oppfattar og stadfestar uttrykket til barnet og samtidig set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis talespråket utviklar seg vidare» (R11:35).

Ein viktig del av det daglege språkarbeidet
I Ølensjøen FUS barnehage har me forma ein kultursti. Denne inneheld ulike element, som eventyr, lokale historier, segner og mykje anna. Kulturstien er ein viktig arena for språkleg aktivitet. Her brukar me språket vårt både munnleg og skriftleg, me fabulerer, diktar og syng. Barna er aktive, dei deltar i arbeidet med å laga forteljingar, som nokre gonger vert skrivne ned. Då skriv me vaksne ned kva barna fortel til pinnemannen Knut og barna blir på denne måten merksame på skriftspråket. Varierte opplevingar stimulerer til å bruke nye omgrep og til å bruka språket.

Pinnemannen er med på dei fleste turane våre, òg dei turane som ikkje går til kulturstien. Han ligg i sekken og ventar på å få komma fram. Han kan komma fram til alle tider, ved gjenkalling av turen, konfliktsituasjonar, når me vil dela gledelege nyheiter osv. Det er bare fantasien som set grenser for dette. Me ser at barna pratar gjennom pinnemannen, og at det kan vera lettare å fortelja til Knut dersom ein er litt blyg eller har vanskeleg for å setja ord på ting. «Knut» kan òg seie unnskyld og har alltid positive haldningar.

Me i Ølensjøen FUS barnehage er glade for å ha pinnemannen med oss. Me ser at han er eit godt hjelpemiddel og barna er veldig glade i Knut.

 

Tekst: Vibecke Gundersen, førskulelærar

UiS logo