MENY

Repetert lesing

– ei trygg ramme for fleirspråklege barns utforsking av det norske språket

I fleire månadar har me jobba systematisk med leseaktivitetar på vår småbarnsavdeling. I dette arbeidet har me brukt boka Mopp og Mikko elskar dyr av Kari Stai (2011). I boka drar Mopp og Mikko på jakt etter dyr. Det er også tre andre bøker i serien, og der jaktar Mopp og Mikko på ting, kjøretøy og mat. Me følgjer dei i jakta medan traktoren, trucken, båten eller handlevogna vert fylt opp. Dette er bøker laga for dei yngste barna.

Barna på avdelinga representerer mange ulike nasjonalitetar og språklege minoritetar, og me jobbar aktivt for å få til eit inkluderande miljø. Dette skjer best gjennom leik og andre daglege aktivitetar i barnehagen. For å koma inn i leiken saman med andre barn, er det heilt avgjerande for dei fleirspråklege barna å tileigne seg det norske språket. I tillegg skal dei også skal utvikle sitt eige morsmål.

Nokre av barna på avdelinga er i starten av å lære norsk, andre brukar norsk aktivt.  Å lære språk skjer gradvis, og ved å jobbe bevisst og systematisk med språkutviklande aktivitetar, set ein fart på utviklinga av det norske språket. Dette ser me har skjedd i det systematiske arbeidet me har gjort med Mopp og Mikko  – dei fleirspråklege barna på avdelinga har blomstra. Dei som tidlegare var stille, har byrja å snakke og bruke norske ord. Korleis?

Om arbeidet med boka
Me har lese boka mange gonger. Den repeterte lesinga har gjort det mogleg å arbeide med boka på ulike måtar, og med ulike metodar. Me har blant anna:

  • brukt konkretar. Tidleg fann me fram ein traktor med hengar, og dei leikedyra som er med i boka, og brukte dette i leseaktivitetane.
  • dramatisert innhaldet. Barna kledde seg ut som fleire av dyra, og me har leika innhaldet saman med dei.
  • sunge ulike dyresongar, med og utan rørsler.
  • teikna og malt dyra som Mopp og Mikko jaktar på, og hengt bilda på veggen.
  • fokusert på dyra, eit om gongen, i eigne samlingar, for å utvikle og utvide forståinga av omgrepa ytterlegare.
  • laga Mopp og Mikko-dokker, som heile vegen har vore flittig brukt i leseaktivitetane, og som samtalepartnarar for barna.

Repetert lesing
Me ser at den repeterte lesinga er ei trygg ramme for alle barna, men kanskje spesielt viktig for dei fleirspråklege. Den repeterte lesinga, på ulike måtar med ulike innfallsvinklar, gjer at dei fleirspråklege barna kjenner boka godt. Å kjenne boka godt vil seie at:

  • barna veit kva boka handlar om, dei veit kva som kjem på neste side
  • dei forstår boka, konkretiseringsmateriellet som me har brukt i formidlingsarbeidet, lettar forståinga
  • dei kjenner fleire av omgrepa i boka fordi dei har vorte repetert svært mange gonger

Dette gjer barna trygge, dei opplever ei mestring og dei tør å prøve. Slik ser me at den repeterte lesinga har vore, og framleis er, ei god og trygg ramme for dei fleirspråklege barna si utforsking av det norske språket. 


?Les mer om arbeidet med boka her


Delt av Vibeke Gundersen, pedagogisk leiar, Ølensjøen FUS barnehage


Last ned tekst som illustrert pdf-versjon

UiS logo
Mopp og Mikko