MENY

Habeen wanaagsan Guuleed - eit leseprosjekt i Ytre Tasta barnehage

Overskrifta er somali og betyr God natt, Albert Åberg. Denne boka av Gunilla Bergström er ei av bøkene som Ytre Tasta barnehage, ein ressursbarnehage for fleirspråklege, har lese denne hausten i eit leseprosjekt i samarbeid med Lesesenteret.

Leseprosjektet har hatt som mål å involvere heimen i større grad i lesinga. Den same boka, men i forskjellige språklege utgåver, har blitt lese både heime og i barnehagen. Heime har ein lese morsmålsversjonen, mens i barnehagen har ein lese den norsk utgåva. Tospråkleg assistent har også lese boka på morsmål. I dette prosjektet falt valet på ”God natt, Albert Åberg”av Gunilla Bergstrøm og ”Karius og Baktus av Torbjørn Egner”*.

Bøkene har til saman blitt lese på somali, farsi, albansk og norsk. Heimen fekk i oppgåve å lese boka saman med barnet to gonger i veka, det same skulle barnehagen gjere. Barnehagen laga òg språkkoffert med konkreter til kvar av bøkene og har brukt dette flittig i formidlinga. I barnehagen har lesinga stort sett gått føre seg i smågrupper på 2-3 barn.

Tekst på morsmål og på norsk
For barna sin del kan ein sjå at dei får ei betre forståing for hovudinnhaldet i teksten når dei får presentert teksten også på morsmål. «Heimelesingseffekten» er mest tydelig i startfasen av lesinga. For dei barna med lite norskspråkleg kompetanse, gav den repeterte lesinga på morsmål og norsk, barna eit omgrepsapparat som dei i aukande grad tok i bruk i leseøktene. Historia blei utvida frå gong til gong, og barna blei meir motiverte dess meir dei forsto av teksten. Dei deltok etterkvart både ved å fortelje sjølv og ved å delta meir aktivt i samtalen.

Dei språksterke barna fekk raskt ei oversikt over hovudinnhaldet i teksten og var deretter meir fokuserte mot detaljer i teksten. Desse barna var også dei som først følte seg ferdig med boka og som lettare mista interessa ved mange gjentakingar. Eit anna mål med prosjektet er å drive med språkstimuleringsarbeid gjennom leseaktivitetar, inspirert av Lesefrø-prosjektet. Å lese og samtale om bøker gjev barnet verdifulle språklege erfaringar.

Mestring og motivasjon
Det førskulelærarane trekkjer fram som den mest verdifulle erfaringa, er kva det å møte tekstar på fleire språk gjer med barnet. Dei erfarer at barna i større grad opplever mestring når dei også les teksten på morsmål. Barna «kjenner» teksten og kan ta med seg denne erfaringa når dei møter teksten på norsk og kan byggje videre på den. Barna viser glede over å meistre, noko som igjen fører til større motivasjon for å vere med å lese neste gong.

Førskulelærarane opplevde samarbeidet med foreldra som eit viktig bidrag til lesesatsinga. Foreldra er ein ressurs for barnet og barnehagen, og gjennom å involvere foreldra fekk barnehagen vist at ein anerkjenner foreldra sin språkkompetanse og deira bidrag. Barnehagen får også gjort synleg delar av sitt arbeid mot kvart enkelt barn. Samarbeidet om å lese heime og i barnehagen, skapte også ei felles oppleving som ein kunne snakke om i garderoben i hente- og bringesituasjonen. Boka blei ei felles referanseramme for barnet, foreldra og barnehagen, noko som gav eit verdifullt bidrag til garderobesamtalen. I samtalen med foreldra i etterkant av leseprosjektet fortel foreldra at dei har satt pris på å bli involvert i barnehagen sitt arbeid på denne måten, og gjer det gjerne igjen. Dei ser at det er positivt for barna å lese boka både på morsmål og på norsk.

Leseprosjektet har vist at å involvere foreldre er nyttig på fleire plan og det gjev positive verknader for barnet og for relasjonen mellom heimen og barnehagen. Prosjektet har inspirert barnehagen til å involvere foreldra på ein ny måte i arbeidet sitt.

* Som ein liten parentes kan ein tilføye at det ikkje alltid er enkelt å få tak i dei bøkene ein ynskjer på dei språka ein treng. Den enkle grunnen er at dei ikkje finnes, og ein må difor bruke det ein har tilgjengeleg. Til dette prosjektet lånte me bøker frå Det flerspråklige bibliotek, http://www.dfb.deichman.no/

Tekst: Monica Gundersen Mitchell, universitetslektor ved Lesesenteret

UiS logo