MENY

Leseglede på Orre skule

1.-4. klasse sat trollbundne då lesegledar Kari var på besøk. Med seg hadde ho ein heil trillebag med bøker, og elevane fekk smakebitar frå action-, humor-, spennings-, kjærleiks,- og faktabøker.

lesegleder

Tredjeklassingane Tale (9) og Tuva Marie (8) har alt lese mange av bøkene som lesegledaren viste fram, men dei fann òg nokre nye bøker dei kan tenkja seg å lesa. Jentene likar best å lesa spenningsbøker og faktabøker.
– Det er kjekt å lesa, og du lærer mange ting av å lesa. Eg blir glad inni meg når eg les, og så blir eg så avslappa, fortel Tale.
Jentene er ivrige lesarar, og likar både å bli lest for og å lesa sjølv.
– Eg pleier å lesa på kveldane når eg ikkje har noko anna å gjera, seier Tuva Marie.

Eigen leseplan i Klepp
Orre skule har ekstra mykje lesing, fortel Tone Roalkvam som er kontaktlærar for 3. trinn. Klepp kommune har ein eigen plan for lesing på skulane i kommunen. (Les meir om Leseplanen på Klepp kommune sine nettsider.) Eit av måla i planen er å skapa engasjement og ambisjonar for lesing. Minst ein gong i året skal ein lesegjest formidle litteratur til 1.-4. klassingane.
– Eit forfattarbesøk kan bli kostbart. Ein lesegledar er ein god måte å høyre om fleire bøker på, og prisen er overkommeleg, seier Roalkvam.


Lesegleder Kari på Orre skule from Lesesenteret on Vimeo.

Nett no er skulen i gong med eit prosjekt om skjønnlitteratur. Då passa det fint å invitera ein lesegledar som kan inspirere, meiner Roalkvam.
– Det er med på å løfte lesegleda og inspirere barna til å lesa meir, seier ho.
Ho skryt av engasjementet til lesegledar Kari som har vore på skulen fleire gonger tidlegare.
– Ho arbeider sjølv på småtrinnet, og får god kontakt med elevane. Kari er veldig engasjerande, og me veit kva me får når me bestiller ho, fortel Tone.
Under eit besøk viser lesegledaren fram mange bøker, og les utdrag frå fleire av dei. I det Kari avsluttar eit spannande utdrag, er det nokon som gjerne ville høyrt resten.
– Les meir!, ropar ein gut i salen.

Smittsam glede
For å spreie leseglede, må ein lika det sjølv, understrekar Kari Schøld Sæterdal som har vore lesegledar sidan 2007 . Når ho er ute på oppdrag er ho opptatt av å visa mange ulike bøker, og ho presenterer berre bøker ho sjølv likar å lesa. Ho meiner det er viktig å ha tru på bøkene ho skal lesa.

– Då kan du presentere dei slik at andre får lyst å lesa dei, seier ho.
– Det er lett å sjå at Kari likar å lesa, og det smitter over på elevane, seier Roalkvam.
Det la òg elevane som høyrde på, merke til.
– Me likte at ho fortalte og levde seg inn i historia. Det er kjekt å bli lest for, seier Tale og Tuva Marie.

Passar i mange fag
Kari tilpassar utvalet av bøker til aldersgruppa ho skal møta, og vel ut spannande utdrag som kan fenge målgruppa.
– Dei minste må ha full fart heile vegen, elles ramlar dei av, seier ho.
Etter besøket får klassane ei oversikt over dei presenterte bøkene. Lista kan brukast når for eksempel klassen skal på biblioteket. Som lærar brenn Kari for at barn skal bli glade i bøker.
– Du lærer mykje når du les, og du får ta del i opplevingar som du ikkje opplever sjølv. Du blir del av ei anna verd, seier ho.
Samstundes understreker ho at lesing er viktig for mange fag. Ofte er det lett å tenkje at lesing berre høyrer til norsk-faget, men det kan brukast i mange andre fag òg.

Å halde seg oppdatert på nye bøker, kan vere krevjande for ein lærar. Ein lesegledar har ansvar for å halde seg oppdatert på nye bøker, og kan såleis gjere litt av jobben for deg. Les meir om kva ein lesegledar erher.

Tekst: Hanne Egenæs Staurseth og Karoline Reilstad