Hopp til innhold

Forside» Leseopplæring» 1. - 4. trinn» Leik og læring

Skriftspråkstimulerande leik


Då seksåringane byrja på skulen, heitte det at dei skulle ha med seg leiken frå barnehagen og at denne leiken skulle nyttast i lærings-situasjonar. Det er mitt inntrykk at tradisjonelle skuleorienterte aktivitetar som bokstavforming får meir og meir fokus på første trinnet. Det må også til, men det er synd dersom det å læra seg lese- og skrivekunsten blir redusert til sporing og staving.

Eg trur at me ikkje har sett alle moglegheitene til skriftspråk-stimulering som ligg i leiken, spesielt i rolleleiken. Ofte har det vore slik at den frie rolleleiken står åleine og ikkje blir knytt til skulekvardagen elles. Også Hagtvet (Hagtvet i Klette mfl. 2001) peikar på at leiken i liten grad vert brukt som pedagogisk verkemiddel.

Rolleleiken kan i større grad kan utnyttast i tileigninga av lese- og skrivekompetanse. Leiken opnar opp for barnet sitt eige initiativ og trong til utforsking og eksperimentering. Men korleis kan skulen nytta denne leikekompetansen i språkopplæringa? Eg vil i det følgjande, i menypunkta til venstre, prøva å skissera nokre språkstimulerande leikesituasjonar som legg til rette for skriftspråkleg undring og oppdagingar, og som kan vera med på å viska ut skiljet mellom leik og læring.

 

Av Anne Håland


Publisert av Trond Egil Toft (24.08.2010)

Skriv ut artikkel print
Foto: 2 gutter som leker legekontor
Språkstimulerande leikesituasjonar kan vera med på å viska ut skiljet mellom leik og læring