MENY

Skrivetrappa (nynorsk)

Skrivetrappa er eit verktøy for å utforske elevanes tekstar og kan brukast underveis i vurderinga av tekstane. Verktøyet kan nyttas av læraren, lærar og elev saman eller av elevar.

Last ned presentasjon av Skrivetrappa (pdf)

Sjå video med forklaring av korleis Skrivetrappa kan nyttast.

Undervisning med utgangspunkt i Skrivetrappa?
Tre klasser har prøvd ulike undervisningsopplegg der dei har tatt utgangspunkt i Skrivetrappa. Undervisningsopplegga kan lastas ned som pdf-filer. Du vil og finne skjema for vurdering og sjå døme på korleis ein kan gjere videoretting av elevoppgåver.

1. Skriving av skjønnlitterær tekst (pdf).?I dette undervisningsopplegget har klassen tatt i bruk fasane planleggje, skrive og revidere. Opplegget strukturerer skrivinga av tekst for eleven og kan brukast til både skriving av skjønnlitterære og sakprega tekstar. Laget av Mette Hovland ved Gaustad ungdomsskole i Fredriksatd.

2. Disposisjons-puslespel, tenkeskriving ut frå stikkord og powerskriving (pdf).? Undervisningsopplegget set fokus på skriving gjennom disposisjons-puslespel, samtale om utfordringar med skrivinga, tenkeskriving ut frå stikkord, powerskriving med fire økter à fire minutter og logg. Laga av Tone Ausland Berntsen, Stalsberg skule, Akershus

3. Vidareutvikle skrivestrategi med bruk av tre fasar (pdf).?Hovudmålet for dette undervisningsopplegget er å vidareutvikle skrivestrategi, som vil sei å vidareutvikle kompetanse med å arbeide i tre åtskilte fasar, og erfare verdien av underveisvurdering for betre å kunne skrive i samsvar med skrivingas formål. Laget av Magnus Løvold, Tingvoll vidaregåande skule, Møre og Romsdal.

?Last ned vurderingsskjema (pdf).

Du kan også prøve videoretting som underveisvurdering av skriving. Sjå korleis det kan gjerast.

 

Andre ressursar

  • Skrivesenterets NyGIV-side: Sjå "Skapende skriving", "Rammer for skriving", "Skriving som grunnleggende ferdighet" og "Tenkeskriving og funksjonell respons".
  • Markin: gjer det mogleg lettare å bruke fargekoder i underveisvurderinga.
  • Primarypad: Et dataprogram som gjer det mogled å spele gjennom skriveprosessen ved hjelp av funksjonen Timeslider. Dette er eit flott utgangspunkt for ein responsdialog mellom lærar og elev. Her kan du lese meir om bruk av både Timeslider og muligheiter for at fleire elever kan skrive på same dokument samtidig ved hjelp av digitale samskrivingsverktøy. Alt fra Morten Oddvik, Horten vgs
UiS logo