MENY

Dataspel kan fange opp dysleksi hos minoritetselevar

Minoritetselevar er overrepresenterte i spesialundervisninga, men likevel får nesten ingen i denne gruppa ei dysleksidiagnose. Dermed kan mange gå glipp av viktig hjelp. No undersøker forskarane i På Sporet-prosjektet om eit dataspel kan fange opp minoritetselevar som har dysleksi.

 Lesespelet Graphogame tilpassar seg den einskilde eleven slik at ho opplever  mestring og ei passe mengd utfordringar. Spelet har også andre engasjerande  element, og får spelaren til å lære bokstavar og ord på ein motiverande måte. No ser  forskarane i På Sporet-prosjektet på om dette spelet kan vere til hjelp for å fange opp  minoritetselevar med dysleksi.

 Les meir om På Sporet-prosjektet.

 – Viss du er minoritetsspråkleg og har dysleksi, er sjansen stor for at det ikkje blir  fanga opp. Trass i at minoritetselevar er overrepresenterte i spesialundervisninga, får  dyslektikarane blant dei sjeldan utreda vanskane sine på ein grundig måte, og  dermed får dei ikkje relevant hjelp, seier professor Per Henning Uppstad ved  Lesesenteret, som er ein av forskarane i På Sporet.

Les også: Dette er dysleksi 

Spelarprofil
Det ser ut til at dei tradisjonelle metodane ikkje har vore gode nok for å fange opp minoritetselevar som har dysleksi, i forhold til dei som heng etter med lesing eller skriving av andre grunnar. Graphogame kan gjere det mogleg å nærme seg spørsmålet om dysleksi hos minoritetselevar på ein ny måte, og på eit tidlegare tidspunkt enn i dag, ifølgje Uppstad.

– I tillegg kan dette gjerast medan eleven held på med meiningsfulle læringsaktiviteter. Altså ikkje i ein test-situasjon, seier han.

– I Graphogame blir alle val spelaren gjer registrert. Når ein så analyserar korleis elevane jobbar med dataspelet, trur me at me kan finna ut kven som har dyslektiske vanskar, eller om det er andre grunnar til at nokon av dei slit med å lese eller skrive norsk. Enkelt sagt vil dyslektikarar ha ein annan type spelarprofil og progresjon enn dei som ikkje har dyslektiske vanskar.

Les også: Minoritetsspråklege barnehagebarn blir overlete til tilfeldighetane

Motiverande
Graphogame er utvikla i Finland, og finst i ei rekkje språk. Spelet er også nøye utprøvd i fleire språk, med godt dokumenterte læringseffektar.

– At spelet er motiverande er viktig, sidan elevar som strevar med lesing gjerne dreg seg unna leseaktivitetar. Utfordringa er å få desse elevane til å gjera meir – mykje meir – av det dei strevar med, seier Uppstad.

Den norske versjonen er foreløpig under utprøving. Rundt 200 elevar har gjennom På Sporet-prosjektet prøvd ut spelet i løpet av skoleåret 2014-2015.

Masteroppgave: Hvilke elever bekymrer lærerne seg for? 

– Spennande og lovande
– Det me har sett til no, er både spennande og lovande med tanke på det vidare arbeidet. Dei siste tiåra har me sett få nye tilnærmingar til å avdekke dysleksi. Tradisjonelt har idear om lydsystemet og medvit om lydar stått sentralt i diagnostisering, og det er her det klussar seg til i møte med minoritetsspråklege elevar – sidan dei har fleire språk. I vår tilnærming ser me på læringsforløpet hos eleven over tid. Denne tilnærminga blir gjerne omtala som ’learning analytics’. Det betyr at idear om lydsystem framleis er viktig, men me nærmar oss det frå ein annan kant. Lukkast me,  kan me få ein ny veg inn til forståelsen av dysleksi – noko som igjen kan gje oss moglegheit for å finne ny kunnskap, seier Uppstad.

Han legg til at spelet kan vere positivt for alle elevar, sidan det tilpassar seg den einskilde eleven.
– Læringsalgoritmen i spelet tek eleven raskt fram til det nivået der han har passe mengde utfordringar: Ikkje for mykje, ikkje for lite - og ikkje likt for alle.

Tekst: Elisabeth Rongved
Foto: Elisabeth Tønnessen

 

 


 

 

UiS logo

På Sporet

Logo