MENY

Le@rning by blogging

Arne Olav Nygards doktorgradsavhandling viser at skulen kan gi viktige tilskot til læring gjennom systematisk bruk av digitale hjelpemiddel. Sjølv meiner han at forskarar bør blogga meir.

Namn: Arne Olav Nygard (49)

Aktuell: Leverte doktorgradsavhandling i midten av januar.

Tittel: «Digital literacy in education. A study of blogging in a Norwegian High School Class.»

Fagleg bakgrunn: Cand. mag med nordisk mellomfag, mastergrad i lesevitskap frå Universitetet i Stavanger.

Fun fact: Gitarist i rockebandet Ingenting.

 

- Kvifor ønska du å ta ein doktorgrad?

- Det er noko eg har drøymt om sidan eg var liten … Neidå, eg blei rett og slett svært interessert i literacy-feltet i løpet av master-graden, og det som spesielt vekka interessa, var lesing og skriving i eit literacy-perspektiv. I etterkant dukka så ei stipendiatstilling opp, som eg søkte på og fekk.

- Kva vil du seia er det viktigaste funnet i avhandlinga?

- Eit veldig vanskeleg spørsmål. Eg har jo studert noko som på mange måtar kan seiast å vera eit vellykka case i høve til bruk av datamaskinar og internett i undervisinga. Når ein ser at undervisinga blir tilført noko gjennom denne bruken av teknologi, må nok dét seiast å vera det viktigaste funnet. Altså at teknologibruken fører til noko anna, som ikkje så lett kunne tenkjast utan denne bruken.

- Men dette «noko anna» som blir tilført, kva kan du seia om det?

- Det handlar om at elevane fekk ta literacy-en sin - altså skriftlegheita si eller fagkunnskapane formidla gjennom skrift - ut gjennom eit fellesskap og stå til ansvar for det på ein annan måte enn ved den tradisjonelle «skrivebordsskuffe-skriftlegheita,» som ein gjerne koplar til skulen. Altså at det som skjer på skulen handlar om berre læraren – jobba med skulearbeidet for å bli evaluert og få ein karakter. Noko som i og for seg er ein viktig del av skulen. Men i dette prosjektet fekk arbeidet til elevane ein annan status, ei anna rolle, som dei tok på alvor.

 

Arne%20Olav2.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Skrivearbeidet på skulen fekk ein annan status hjå elevane gjennom bloggprosjektet, fortel stipendiat Arne Olav Nygard. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

- Skular kan «gjera viktige tilskot ved å introdusera digitale verktøy for skriftkultur for elevane,» heiter det i oppsummeringa. Kva er desse viktige tilskota?

- Altså, det handlar om at elevar i ein teknologisk samanheng gjerne blir sett på som ei nærast mytologisert gruppe; dei «kan alt» om det digitale. Medan skulen alltid vil koma haltande eller halsande etter. Studiet mitt viser at læraren, trass i å kanskje ha mindre teknologisk kompetanse enn elevane, faktisk kan bidra til at elevane forstår korleis dei kan bruka denne type digitale verktøy på ein klok måte. Skulen er i stand til å setja dette i kontekst for eleven, innanfor rammene av utdanningssystemet. Ikkje berre som ein «flashy» teknologi; for å skapa variasjon, gjera noko spennande mot slutten av timen eller liknande, men faktisk talt med ambisjon om gi innsikt i korleis ein kan bruka literacy på ein måte som myndiggjer dei.

- Kva er mest fengande med feltet du forskar på?

- Viss eg kan bruka omgrepet «literacy» om lesing og skriving, så er literacy per definisjon teknologisk. Ein teknologi for å organisera kunnskap, som alfabetet var ein tidleg representant for. Og sidan det er teknologisk, så har teknologiar for literacy mykje å seia for korleis me tenkjer om oss sjølv, om samfunnet, om fag, personlege tilhøve og liknande. Alle desse tinga grip inn i veldig mykje, så det å vera opptatt av teknologien si rolle i ein person sin literacy, eller samfunnet sin literacy og utviklinga av den, korleis teknologi er fletta inn i forståinga av literacy - det synest eg er veldig interessant. Me organiserer kunnskapen digitalt i stadig større grad i samfunnet. Det er vel denne digitale kunnskapsorganiseringa eg er interessert i og synest er viktig å få kunnskap om.

 

Arne%20Olav1.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Studien viste at læraren, trass i å kanskje ha mindre teknologisk kompetanse enn elevane, kan bidra til at elevane forstår korleis dei kan bruka digitale verktøy på ein klok måte. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

- Kvifor er det viktig å forska på dette?

- Fordi det er gjennom tekst – i vid forstand – me organiserer og får kunnskap, anten det er samtalar, skrift, bilete, lyd eller kva det måtte vera. Viss det nå er slik at me organiserer meir og meir av kunnskapen vår digitalt; at det digitale blir meir og meir eit medium for tekst, så er det viktig å få meir kunnskap om denne utviklinga. Eg har vald skulen som felt, men ein kunne jo vald eit heilt anna. Som til dømes forsøket på å parkera den etablerte pressa til fordel for eit medium som lar deg ytra deg innanfor 140 teikn, som ein ser døme på i USA … det er jo ein type literacy-observasjon, det òg.

Å forska på dette grip inn i å forstå korleis me brukar tekst, og teknologien si rolle; reint teknologisk, men òg tekno-sosialt, noko som grip over i kvarandre. For ein teknologi er ikkje nøytral, han står alltid i ein kontekst og har kome dit av ein grunn, og er difor langt på veg eit sosialt fenomen. Alt dette trur eg er viktig å få kunnskap om, enten det er i skulen eller andre stadar.

- Korleis gjekk du konkret fram i arbeidet?

- Eg tok kontakt med ein vidaregåande skule i Rogaland (anonymisert i avhandlinga) som eg visste brukte blogging aktivt i undervisinga, og der dei hadde ambisjonar om å bruka det ikkje berre som eit sideprosjekt, men som ein måte å la elevane få koma til orde på ein heilt annan måte enn det har vore rom for før. I ein av klassane var eg inne og observerte, for å sjå kva som var å gripa fatt i. Og oppdaga at blogg-bruken var svært godt organisert og med ein klar tanke bak – dei gjorde dette av ein grunn, ikkje berre av rein begeistring for eit eller anna nytt.

Den aktuelle klassen hadde 14 elevar, på studieførebuande, som hadde valt faget Trykk og foto. Eg blei nysgjerrig på korleis elevane oppfatta undervisingsituasjonen og på tekstane dei skreiv, altså blogg-postane. Så eg intervjua elevane, for å finna ut kva dei tenkte om framgangsmåten, korleis dei plasserte denne typen skriveaktivitetar i sitt eige liv og i høve til tradisjonell skuleskriving, om dei blogga elles og liknande. Etterpå samla eg alle bloggtekstane deira og analyserte dei ut frå ulike perspektiv, for å sjå om ein kan seia noko, med utgangspunkt i teksten, korleis dei skriv. Om det var noko i tekstane som kunne seia noko om og underbyggja den tryggleiken og begeistringa eg hadde sett i observasjonen og intervjua.

 

Arne%20Olav5.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Den vidaregåande klassen i studien brukte blogging aktivt i undervisinga, på ein måte som var godt organisert og hadde ein klar tanke bak. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

Gjorde denne blogg-framgangsmåten noko med tekstane til elevane?

- Ja, elevane både skreiv, og snakka om å skriva, på ein heilt annan måte. Dei gav uttrykk for at bloggen fekk dei til å skriva på ein annan måte enn til dømes i tradisjonell norskundervising. Elevane sa, lett metaforisk, at på bloggen følte dei seg mykje friare, dei var frie for avgrensingar, og liknande. Dei sette denne skrivinga i kontrast til anna skriving i skulen, som dei følte la unødvendige band på dei. Tekstane deira var då òg meir prega av det ein gjerne forbinder med tekstar på sosiale medium; dei var kortare, følgde i mindre grad formelle krav, var meir personlege og gjekk heller ikkje av vegen for å bruka innskot, meir munnlege uttrykksmåtar og ein uformell stil. Samla sett blei det skrive kanskje 30-40 bloggpostar per elev, som er ein ganske stor tekstproduksjon.

Kva oppdagingar har du gjort undervegs, som var overraskande eller uventa?

- Eg blei nok litt overraska over kor strukturert og konsentrert elevane jobba når dei hadde lange arbeidsøkter, der dei brukte datamaskinen. Tidlegare observasjonar som andre har gjort, går ut på at så snart elevar får tilgang til datamaskin, så svevar dei av garde på Facebook eller andre stadar på nettet. At så skjedde i mindre grad i denne klassen, har nok med organiseringa av undervisinga å gjera, i tillegg til andre faktorar – som at elevane var svært motiverte for dette faget, sidan dei hadde valt det sjølv. Men eg trur òg ein av årsakene er måten det blei lagt til rette for at dei fekk bruka datamaskinen. Og dermed brukte dei han på ein tilsynelatande produktiv måte.

Eg blei nok òg overraska over kor godt elevane likte at tekstane blei sett av andre, gjennom bloggen, eg hadde nok trudd det kom til å bli større innslag av at enkelte syntest det blei «kleint.» Men det blei det ikkje, og det offentlege aspektet gjorde noko med måten dei skreiv på – elevane greip det ansvaret i overraskande stor grad. For dette er jo elevar som tidlegare alltid har skrive utelukkande for læraren, i alle fag.

 

Arne%20Olav3.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

Stipendiat Arne Olav Nygard blei overraska over kor strukturert og konsentrert elevane jobba under lange arbeidsøkter på datamaskin - utan at dei brukte tida på Facebook og liknande nettsider. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

- Kva håpar du kan koma ut av forskinga di?

- Eg håpar det kan vera eit bidrag til diskusjonen om bruk av teknologi i undervisinga i skulen. Eit døme på bruk av teknologi som myndiggjer og ansvarleggjer elevane. Noko som jo er i tråd med sentrale mål i opplæringa - elevane skal gjerast myndige gjennom skrift.

- Kva utfordringar har du møtt på i arbeidet?

- Åh! Tid! Altså mangel på tid. Men òg å finna innfallsvinklar og teoretiske og metodiske grep som kan seia noko om korleis tekstane til elevane blir; å kopla tekstane og det kvalitative ved tekstane til elevane si formidling av korleis dei opplever det å skriva. Det har eg slite med. Når elevane er så positive til eit slikt prosjekt, dei har så stor glede av det og kjenner det så meiningsfullt – så må dét på ein eller annan måte vera reflektert i tekstane deira.

I den siste artikkelen i avhandlinga analyserte eg språket i tekstane til elevane, og der ser eg på korleis dei posisjonerer seg, i skrift, reint grammatisk. I byrjinga av året var dei svært refererande, opptatt av å vera tilskodarar til bileta dei har tatt, til mot slutten av året vera handlande, skaparar. Og det ser me i skrifta – i byrjinga snakkar dei gjerne om at «Eg ser,» på slutten heller «Eg gjer.» Begeistringa dei gir uttrykk for i intervjua, finn ein altså igjen heilt nede på det grammatiske detaljnivået i tekstane elevane har skrive. Utfordringa har vore å finna måtar å gjera den koplinga på.

 

Arne%20Olav4.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

I tekstane sine gjekk elevane frå å vera tilskodarar og refererande i språket, til bli handlande og skapande i løpet av den undersøkte perioden, fortel Arne Olav Nygard. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

- Korleis har det vore å ta ein doktorgrad ved Lesesenteret?

- Eg opplever Lesesenteret som eit svært mangfaldig miljø, med folk med ulike perspektiv på lesing og skriving, som det er kjekt å jobba saman med. Samstundes med forskinga blir ein blir kasta ut i formidlingsoppdrag, der kan ein dra med seg mykje av det ein forskar på, til eit publikum som er opptatt av, er interesserte i og har nytte av det ein driv med. Ei fin blanding.

- Kva planar eller ønske har du for framtida?

- Å halda fram i same lei, i same eller liknande forskingsfelt. Eg kunne veldig godt tenkt meg å ha sett meir på den digitale teknologien som ein del av teksten. Me analyserer ofte overflatefenomen i møte med ein multimodal tekst, i form av tradisjonelle teikn som bilete, skrift og liknande, og finn ein grammatikk der.

Med det digitale derimot, så er det første gong i mediet eller skrifta si historia at lagringsmediet til teksten er skilt frå visingsmediet til teksten. Og der lagringsmediet er ein digital, kalkulerande maskin. Det du ser, er eit produkt av algoritmar, som nokon har kontroll over, nokon med bestemte interesser. Mange av dei dominerande media me får nyheitene våre frå i dag, som Facebook og Twitter, er slik. I og med at leseflata er skilt frå lagringsmediet, så er det nokon som bereknar korleis koplinga mellom leseflata – deg som lesar – og lagringsmediet skal styrast. Brukaren og teikna og maskinen er ei slags kompleks eining som utgjer teksten, rett og slett. Det legg til rette for at det skjer ein del ting med ein datamaskin som er kopla opp mot nettet.

Til dømes at det du ser på Facebook-sida di ikkje er det same som på nabokontoret, sjølv om dei har mange av dei same venene. Noko me har sett i Trump-kampanjen, der ein klarer å skreddarsy reklame og utval av det du ser på skjermen ut frå bruksmønsteret ditt. Så lesing av tekst er ikkje lenger å lesa tekst frå ei flat side, å skriva tekst er ikkje lenger å føra noko inn på eit ark; det handlar om komplekse algoritmar som er ein del av leserøyndommen. Å finna ein måte å skjøna dét på, ut frå eit literacy-perspektiv eller tekno-sosialt perspektiv, kunne vore eit interessant prosjekt i framtida.

 

Arne%20Olav6.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29

- Lesing av tekst er ikkje lenger å lesa tekst frå ei flat side, å skriva tekst er ikkje lenger å føra noko inn på eit ark; det handlar om komplekse algoritmar som er ein del av leserøyndommen, seier Arne Olav Nygard om digitaliseringa av i dag. (Illustrasjonsfoto: Gettyimages)

- Er du elles ein ivrig blogglesar?

- Bloggar har jo i stor grad sklidd over i «the establishment» med tida, men eg les jo ein del som er politiske og journalistisk orienterte. Samstundes følgjer eg ein del folk på Twitter som eg synest har noko å seia, og som lenker til både eigne og andre sine blogg-innlegg. Og det er vanskeleg å sjå skiljelinjene etter kvart. Som bloggane til The Guardian – er det blogg-innlegg, eller berre ein del av The Guardian-uttrykket? Det er eit felt i utvikling heile tida, og bloggen slik han var på byrjinga av 2000-talet, er heller sjeldan. Ofte er det flinke folk som på ein eller annan måte er kopla opp til ein institusjon. Dei har blitt ein del av det nemnde «establishmentet,» sjølv om dei har potensial til å ikkje vera det.

- Kva hadde vore draumebloggen din å skriva?

- Før i tida skreiv eg blogg, men nå har eg ikkje tid lenger. Den gong var det gjerne om ting eg var interessert i, som er relatert til kva eg held på med i dag – literacy og digital lesing. Kombinert med litt fjas …Prøva å vera morosam utan å alltid ha hellet med seg.

Men blogging gir jo ikkje utteljing i det akademiske teljekantsystemet, og dermed er det ikkje noko ein strengt tatt bør bruka tida si på. Paradoksalt nok, i mitt tilfelle. Men kanskje òg i høve til forskingsformidling, der bloggen kan vera den meir personlege staden, der ein ikkje forpliktar seg i så stor grad som i ein akademisk artikkel. Der ein kan prøva ut tankar, gjennom det litt essayistiske i bloggformatet. Det trur eg hadde vore veldig bra for mange akademikarar – og for mange som prøver å følgja med i akademia.

Det er synd at det nesten straffar seg å halda på med slikt. Å ha hatt fleire forskarar - som i staden for å berre spy ut forsiktige artiklar heller meiner noko med det dei gjer - og lar andre komma med spørsmål og innspel direkte - dét trur eg hadde vore svært fruktbart.

Tekst: Leif Tore Sædberg, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Video/redigering: Trond Egil Toft, kommunikasjonsrådgjevar, Lesesenteret

Arne Olav Nygard (Foto: Elisabeth Tønnesen)

Arne Olav Nygard (Foto: Elisabeth Tønnesen)