MENY

Lese- og skriveopplæring

Gjennom begynneropplæringen i lesing skal alle elevene oppnå de ferdighetene som skal til for å lykkes med lesing. Det er også en målsetning at de blir motivert for og interessert i å lese. I løpet av årene på barnetrinnet stiger kravene til leseforståelse. I tillegg til avkoding, stilles det også krav til ordforråd, bakgrunnskunnskap, strategier og sjangerkunnskap.

Barneskolebarn i korridor

Gå til Barnetrinnet på Språkløyper.no

Den første lese- og skriveopplæringa
Kor raskt skal barna lære bokstavane, og kva metode er best i lese- og skriveopplæringa? Språkløyper gir lærarar i begynnaropplæringa høve til å reflektere over og auke kunnskapen sin om kva som kjenneteiknar god praksis i den første lese- og skriveopplæringa, og gjere dei betre i stand til å gjere kvalifiserte val av metodar og læremiddel.

Lesing og skriving som grunnleggande ferdigheit i alle fag
Kvart fag har sine tekstsjangrar og sitt vokabular. Opp gjennom skoleåra skal elevane utvikle fagspesifikk tekstkompetanse og lese og skrive stadig meir komplekse tekstar som særleg faglærarar har kunnskapar om.
Språkløyper utfordrar faglærarar på alle trinn til å integrere arbeidet med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i planlegging og undervisning i alle fag.

Digitale tekstar og digitale teknologiar
Digital teknologi blir stadig meir vanleg på alle trinn, frå barnehage til vidaregåande opplæring. Utviklinga går raskt og stiller nye krav til læraren. Gjennom Språkløyper skal lærarane få kunnskap om digital teknologi og digitale verktøy i lese- og skrivearbeid, slik at både dei og elevane vil kunne bruke teknologien hensiktsmessig og målretta.