MENY

Nye literacy-praksisar

Programområdet tek utgangspunkt i forsking som viser at noverande literacy-praksiser har vesentlege manglar i forhold til dei utfordringane me ser i samtida.

Leder for dette programområdet er førsteamanuensis Anne Håland. Et stort antall interne og eksterne forskere er knyttet til prosjektene i programområdet (se faktaboks til høyre).

Ut frå utfordringane og behova for nye kompetansar i og utanfor skulen er programområdet si felles overordna problemstilling: Korleis utvikla kyndige og myndige lesarar og skrivarar for det 21. hundreåret?

Amerikanske studie (American College Testing) viser at berre halvparten av studentane som skal begynna på høgare utdanning har tilstrekkelege dugleikar for å lesa dei komplekse tekstane som er sentrale ved høgskular og universitet og i arbeidslivet, og denne trenden ser ut til å vera stabil (ACT 2014). Nordiske studie har vist at det rådar forskjellige lese- og skrivepraksisar i dei same faga i overgangane mellom ulike skuleslag, eksempelvis mellom ungdomstrinn og vidaregåande opplæring (Hobel &Krogh, 2012). Norske studie har vist at lærarar har svært ulike forventningar og verdset elevane sine skriftlege kompetansar forskjellig frå fag til fag (Øgreid & Hertzberg, 2009; Hertzberg, 2010; Flyum & Hertzberg, 2011).
 
Med utgangspunkt i den overordna problemstillinga, ønskjer programområdet å beskriva, utforska og utvikla nye literacy-praksisar som er relevante og tiltrengde for å utvikla kyndige og myndige lesarar og skrivarar no og i nær framtid. Slik er programområdets planlagde forsking også skulefagleg, sosialt og samfunnspolitisk relevant.
 

UiS logo
Bøker nærbilde