MENY

Or - for deg som ikkje finn ord

Har du kjent blandinga av lukter på ei vestlandsferje og prøvd å finne ord for å beskrive den? Eller manglar du ord for å beskrive naboen sine ungar? Appen Or – for deg som ikkje finn ord kan hjelpe deg.

Langs norske vegar finns mange skilt til stader med namn som gjer assosiasjonar. Assosiasjonar til heilt andre ting enn ei bygd i Vest-Agder eller ei gruppe øyer i Nord-Trøndelag. Kjell Inge Torgersen og Per Henning Uppstad byrja å samle på slike stadnamn.

Dei såg at her var det mange ord som kunne sette namn på alle dei opplevingane, dei kjenslene og dei tinga som dei ikkje har hatt ord for, og som dei elles måtte bruke svært lang tid på å forklare.


Nyttige ord

Som Emleim til dømes. Ordet er kanskje ukjent, men det kan høyrast ut som om det tyder den særeigne salong-lukta av tobakk, kjøttkaker, sveler og diesel som ein finn på mindre ferjesamband i Nord-Norge og på Vestlandet.

Eller Lysklett. Det er sjølvsagt den strålande idéen som kjem like før du sovnar, men som er heil borte når du vakner.

Alle orda er samla i ein app, utgitt av Lesesenteret. Ein ordbokapp for folk som ikkje finn dei rette orda. Orda du får finnest allereie. Men dei støver ned langs vegen, i utmarka og døyr ut med gamle folk. Nå får dei eit nytt innhald og eit nytt liv.


Interaktiv ordbok

Appen oppfordrar deg til å bidra med eigne ord. Får du gode assosiasjonar når du ser eit skilt langs vegen eller blar i atlaset så finst det funksjonalitet i appen for å føreslå nye ord. Slik kan du hjelpe andre som manglar dei rette orda. Kanskje gjer me språket vårt rikare?


Nøkkelfunksjonar

  • Or - definisjonar på dei nye orda, og ein karthenvisning til kor i Noreg dette er
  • Kart - oversikt over kor i Noreg du finn stadnamna
  • Bidra - funksjonalitet for å sende inn eigne forslag til or
  • Foror - kva er denne appen?
  • Bakor - kvifor denne appen?


Kontakt

Har du problem med Or - for deg som ikkje finn ord? Ros, ris eller gode forslag?
Kontakt utviklar eller følg utviklaren på Facebook.

Or - for deg som ikkje finn ord på iTunes.

 


Skjermbilete

1%5B1%5D 2

Oversikt - Or

Or - definisjon og
karthenvisning

3 4

Kart

Or - forslag

 

Skjermbilde - Appen Or - Forside