MENY

Leik og læring

Til deg som skal ha lese- og skriveopplæring på 1. trinn! Er du i gang med planlegginga av neste skuleår? Lurer du på korleis du skal leggja opp den første grunnleggjande lese- og skriveopplæringa på 1. trinn?

Kva inneheld heftet?
I heftet er det 12 korte artiklar som alle gir konkrete tips til arbeid med lesing og skriving.
I heftet finn du tips om bl.a. dette:

  • Korleis du kan ta utgangspunkt i barnet sitt eige namn som ein snarveg inn i lesinga.
     
  • Korleis du kan nytta små lesebøker allereie på 1. trinn.
     
  • Korleis du kan bruka rolleleiken som skriveverkstad
     
  • Korleis du kan skapa ein kultur for lesing både hjå elevane og hjå foreldra.
     
  • Korleis og kvifor du bør nytta datamaskina.
     
  • Korleis du på best mogleg måte kan leggja forholda til rette for dei minoritetsspråklege elevane.
     
  • Korleis du kan observera og følgja den språklege utviklinga til elevane.
     

Kvifor har me laga dette heftet?
- Det er lite samla litteratur om lese- og skriveopplæringa på 1. trinn. Dette er difor eit forsøk på å samla fleire måtar å arbeida med bokstavar, tekst og språk på i eit hefte.

- Forsking viser dessutan at leiken i liten grad vert brukt som pedagogisk ressurs. I dette heftet prøver me å visa korleis ein kan integrera leiken i læringa og læringa i leiken. Alle artiklane inneheld difor forslag til leik som fremjar læring.

- Den nye læreplanen legg vekt på at den grunnleggjande lese- og skriveopplæringa skal begynna på 1. trinn, opplæringa skal ikkje lenger berre vera førebuande. I heftet finn du konkrete forslag til korleis du kan begynna lese- og skriveopplæringa frå første dag elevane møter skulen.



ISBN: 82-7649-037-9.
 

Bestill heftet fra nettbutikken

Heftet kan lastes ned i pdf-format.

UiS logo
Heftet - Leik og læring

12 korte artiklar som alle gir konkrete tips til arbeid med lesing og skriving