MENY

Småbøker

På denne sida finn du ei oversikt over dei småbøkene som er tilgjengelege. Lesesenteret har ikkje vurdert språket i bøkene, innhald eller illustrasjonar. Denne vurderinga må du gjere sjølv.

Småbøker er bøker som er delt inn etter nivå, med stigande vanskegrad og tekstmengde. Det er ingen faste kriterium for nivåinndeling i Noreg. Her opererer forlaga med eigne nivåinndelingar, basert på eigne faglege vurderingar. Bøkene er skrivne med tanke på metoden rettleia lesing og for elevar med lese- og skrivevanskar. Samstundes eigner bøkene seg også til repetert lesing og lystlesing.

Språkløypa har laga ei presentasjon om rettleia lesing. Denne finn du her.

Korleis bruke sidene

På desse sidene blir seriar frå ulike forlag presentert. Nokre av bøkene kan bestillast enkeltvis, medan andre må kjøpast i pakkar. Mange tilbyr også bøkene digitalt, som e-bøker eller appar. Dette blir det opplyst om under den enkelte tittelen. Dersom bøkene har tekst med store bokstavar er dette presisert.

Oversikta er delt inn i sju nivå med stigande vanskegrad og tekstmengde. Lesesenteret si nivåinndeling byggjer på lesefaglege vurderingar. Desse er i all hovudsak kvantitative. Dessutan er bøkene kategoriserte etter tema. Enkelte tema har underkategoriar. Oversikta finst både på bokmåk og nynorsk. Under kvart nivå finn ein også ei utskriftsvennleg oversikt, i tillegg til ei lenke til bestilling.

Sida har og eitt nivå som heiter «lengre samanhengande tekstar». Dette nivået dekkjer det som tidlegare var nivå 8-11. Bøkene som blir presenterte her er ikkje kategoriserte etter tema. Her blir det berre gitt nokre døme på seriar og bøker som kan vere aktuelle. Når barnet har leseferdigheiter som overstig nivå 7, er også biblioteka ein god ressurs til å finne gode bøker.

Andre bøker for barnetrinnet

For ei god innsikt i ny og aktuell litteratur kan «Lesegledar» frå Lesesenteret anbefalast. «Lesegledarar» er lærarar og skolebibliotekarar med spesialkompetanse i lesing og litterær formidling. «Lesegledarane» har ei eiga nettside. 

Barn leser småbøker.