MENY

Kva har spisefri med framtida å gjere?

Danning er minst like viktig som utdanning i skolen i framtida. Sosialisering og kommunikasjon er stikkord. Likevel brukar vi spisefri, måltidet, til passiv skjermtitting. Der òg.

elever i spisefri Måltidet kan vere ein arena for å søke fellesskap på ein måte som er sentralt i tenkinga om kva elevar treng å kunne i framtida, skriv Per Henning Uppstad.

Innlegget har også vært på trykk i Stavanger Aftenblad.

«Blir barna våre rustet for fremtiden?» stod det i eit underpunkt i referatet vi fekk utlevert frå førre FAU-møte. Sjølv var eg ikkje på det møtet, men det gjekk fram av referatet at det var ei mindre orienteringssak. Om framtida. Om kva elevane må kunne i framtida. I eit lite punkt. Eg kom til å tenke på boka til Bjørn Aril Ersland: Store hendelser i liten skala, ei lita bok som sette meg ut ein heil sommar.

Det vesle underpunktet gjeld sentrale politiske føringar om at framtidas skule må lære elevane noko anna enn i dag, fordi kunnskap er tilgjengeleg på andre måtar enn før og fordi utviklinga krev andre ting av arbeidstakarar: samarbeid, kreativitet, fellesskap, kritisk tenking og problemløysing.

I denne tenkinga ligg det ein sterk kritikk av dagens skole, fordi den i for stor grad gjer eleven til konsument av informasjon, eleven løyser sjeldan verkelege problem og lærer i litan grad sosial samhandling i situasjonar der noko reelt står på spel. Såleis vil skolen i framtida i endå større grad enn i dag ha andre oppgåver enn undervisning og informasjonsformidling. Danning er minst like viktig som utdanning. I danninga ligg sosialisering og kommunikasjon, men også evna til rekreasjon og nyting, til dømes å nyte kulturelle og sosiale goder som mat og fellesskap.

Seinare i FAU-møtet, i miljøgruppa, kom ein av foreldra til å undre seg over praksisen med å kvar dag vise film/innslag frå internett i spisefri. Det viste seg at alle rundt bordet hadde stilt seg same spørsmålet, men trudde at det berre galdt deira eige barn. Eg tok dagen etter opp temaet heime, og 10 åringen meldte at akkurat dette temaet faktisk blei tatt opp i dagens Supernytt: han hadde sett nyheitssendinga i spisefri på skolen. Supernytt 28.02.17 hadde gjort ei spørjeundersøking blant elevane som viste at 60 % såg film eller internett under spisefri. Og 90 % av desse meinte at det var bra. Felles for foreldra på FAU-møtet var uvisse.

Kva har spisefri med framtida å gjere? Jo, måltidet er ein arena der ein kan komme saman på ein annan måte enn elles. I friminuttet går ein kvar til sitt og sine. Måltidet kan vere ein arena for å søke fellesskap på ein måte som er sentralt i tenkinga om kva elevar treng å kunne i framtida. Dersom eit av problema med dagens skole er at den reduserer eleven si rolle til å vere mottakar eller konsument, bidrar praksisen med skjerm i spisefri ikkje til å motverke dette.

Dette inneber ikkje ein påstand om at skjerm i seg sjølv er negativt. Det handlar kanskje meir om at vi ikkje grip ei moglegheit. Ein eg kjenner sa i ein tale til kona si som fylte rundt år - men eigentleg mest beskrivande til vennene som var der - at dei som familie heldt det å ete middag i lag kvar dag som heilag. Det var ingenting religiøst i dette, for dei er båe ateistar, men interessant likevel å nytte ordet heilag om dette. Etymologisk tyder heilag ‘avsondra’. Religionsfenomenologen Rudolf Otto gav i 1917 ut boka ‘Das Heilige’ der han definerer det heilage som ‘Das ganz Andere’ (det som er heilt annleis). I kvardagen treng vi nokre oasar med noko anna enn tida elles er full av. Måltidet er ein god kandidat.

GettyImages-473434438.jpg%20%28rw_largeArt_1201%29
Ein kan spørje seg kva årsaken er til at teknologien har invadert måltidet, skriv Uppstad.

Når ungdommen heime inntar måltid utan vaksne, har dei alltid skjerm attom tallerken: telefonar, nettbrett eller pc. Ein dag sat tri ungdommar til bords med kvar sin asjett og kvar sin skjerm. Dei tok ikkje umiddelbart skade av det, eg trur dei hadde det fint - og eg ser dei jo ikkje gjere dette kvar dag. Men på skolen ser dei på skjerm kvar dag når dei er samla til måltid.

Motførestillinga er gjerne at dei ser på interessante ting. Og det gjer dei. Nyheitsendinga Supernytt gir ungane ei oppdatering på kva som skjer i verda. Men dei forblir mottakarar. Ein kan spørje seg kva årsaken er til at teknologien har invadert måltidet. Er det uttrykk for at vi har blitt stadig meir avhengige av informasjon og underhaldning frå skjermbaserte medier (Jf. Neil Postmans bok: «Vi morer oss til døde»)? Eller er det snarare matens og måltidets betydning som har blitt nedvurdert?

Den amerikanske kulturen har kanskje gått lengst i denne nedvurderinga av måltidet: tanken om måltidet som keisamt og tidkrevjande påfyll av næring gjer at fast food er tilstrekkeleg, gjerne medan ein held på med noko anna. Frokost TV kom tidlig i USA, om lag samstundes med omgrepet TV-dinner; eit spesifikt format og innpakning for måltidet. TV er gjerne også fast inventar på det amerikanske kjøkkenet og i spisestova. Når det gjeld spisefri i skolen i 2018: Er det elevane sitt ønske om underhaldning eller er det læraren sitt ønske om fred og ro som gir rammer for skolemåltidet?

Med tanke på det vesle punktet i referatet om framtida kan det vere god grunn til å tenkje gjennom på nytt kva unike moglegheiter skolemåltidet gir for å lære noko anna.