MENY

FYR - Treffsikker undervisning

Fagkoordinatorane i norsk frå heile landet har bidratt til dette ressursheftet om lesing av samtidstekst i yrkesfagleg skule. Dette er eit FYR-hefte for norsklærarar. Det betyr at det er utvikla innan satsinga FYR, som står for Fellesfag, Yrkesretting og Relevans

Nokre elevar opplever fellesfaga som krevjande. Dei føler kan hende at dei lenge har vore taparar i desse faga, og
motivasjonen kan vere låg. Ei fornying av arbeidsmåtar i faga kan vere til stor hjelp. Derfor viser dette heftet fram arbeidsmetodar som hjelper elevane å komme i gang, som gir struktur og gjer læringa tydelegare, og som styrker meistringskjensla. Det handlar eigentleg om læringsstrategiar som kan brukast i mange fag og som alle elevar har nytte av å lære.

Du finn rikeleg med tips om læringsstrategiar i dette heftet, men bruk gjerne andre dersom du allereie har eit repertoar av strategiar og metodar som fungerer

Mange av tekstane i heftet er henta frå lærebøker i norsk for vg1 og vg2 yrkesfagleg program, slik at dei skal vere lettare å få tak i. Vi vil understreke at dette heftet er eit supplement til, og ikkje på nokon måte ei erstatning for gode lærebøker. Vi har ogaå brukt tekster frå andre kjelder, mellom anna frå hefta til Foreningen les!. Desse små bøkene er tekstsamlingar med utdrag frå nyare litteratur for unge.

Pris:
Som pdf: Gratis (sjå lenke under)
Som hefte: kr. 75,-
ISBN:978-82-7649-083-2

Bestilling:

Bestill heftet i trykt utgave fra nettbutikken

Last ned heftet i pdf-format - 7,2 MB (gratis)

treffsikker undervisning